Drucken

I dag er det skjærtorsdag dagen i den kristne påskeveka der vi feirar det siste måltidet Jesus hadde med læresveinane sine før han blei krossfesta. Ordet Skjærtorsdag kjem frå norrønt skíriþórsdagr som tyder reinsetorsdag (jf. skjær, 'rein)', som siktar til at Jesus vaska føtene til læresveinane den  kvelden dei hadde det siste måltidet. Under dette måltidet innstifta Jesus den heilage nattverden.

I dag feirar at Jesus ofra seg for oss. Vi feirar at Jesus gjorde oss reine. At Jesus vaska frå oss syndene våre med at han gjekk gjennom liding og døden for oss. Han gjorde oss reine med at han gav sin lekam og sitt blod for oss.

Det er skjærtorsdag her hoss oss i dag og det var skjærtorsdag i Jerusalem for  nesten 2000 år sidan. I øvre byen nesten rett att med huset til øvstepresten Kaifas sitt Jesus i lag med læresveinane sine. Han vaskar føtene deira. Han er ingen konge som har tenarar. Han skal tena. Han veit kva som ligg framom han. Han veit at han kjem å gi livet sitt for desse og for oss for alle menneske. Og han veit at alle som ein av desse kjem til å rømme. Ein av dei kjem til å med å overgi han til Kaifas og romarane. Det er denne kvelden dagens preiketekst handlar om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 13. kapitlet:

Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: "Herre, vaskar du mine føter?" Jesus svara: "Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan." "Aldri skal du vaska føtene mine," seier Peter. "Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg," svara Jesus. Simon Peter seier til han: "Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!" Men Jesus svara: "Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine - men ikkje alle." For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: "De er ikkje reine alle."
Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: "Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera."

Slik lyder Herrens ord.

Det er vel ikkje meg herre? Korleis står eg til Jesus? Er eg trufast mot han eller sviktar eg han?

Det er Bjørn Eidsvåg som med ein song svarer slik som eg måtte har svart:

1. Du låg skjelvande av angst på kne

og svetten rann som blod.

Og vennene du hadde med

dei sov i største ro.

Dei svikta då du trengte dei

du hadde gitt dei alt.

Dei valde minste motstands vei

og svikta då det gjalt.

Refr:

Og eg har tenkt; det sko ‘kje eg ha gjort.

Eg sko’ha kjempa saman med deg

holdt rundt deg og tørka svetten bort

- gjort ka eg kunne for å gle deg.

2. Dei dømde deg te død og pine

spotta deg og lo.

Og ein av dei du kalla dine

fornekta og bedro.

Han svikta då du trengte han

du hadde gitt han alt.

Han var ein veik og vesal mann

som svikta då det gjalt.

Refr: Og eg har tenkt,....


3. Men eg vet at eg og svikte

fornekte og bedrar.

Eg gjer’kje det eg vet eg plikte

eg e’ hjertelaus og hard.

E’ likasel for andres nød

ofte blind for venners sorg.

Ka bryr det meg dei andres sorg

min kulde e’ så fast ein borg,

Refr 2 (samme akkorder):

Likavel e’ du lika glad imeg

tilgir meg alle feilå mine.

Stille tar du kappå di av deg;

tar te å vaska beina mine. (2x)

Kyrie eleison

 

Vi  svikter Jesus. Vi klarer ikkje å leve som han hadde ynskja. Likevel: Han angrar ikkje på det han har gjord.  Han gjekk den tungen vegen for oss og han er utroleg glad i oss. Sjølv om vi svikter han, så ynskjer han å være i lag med oss. Og når han vil møte oss, då kan vi møte han. Han ynskjer å møte oss i nattverden, i brød og vin. Han ynskjer å møte oss alle som ein. AMEN