Drucken

”Pacta sunt servanda” – Kontraktar skal overholdast.  Denne gamle latinske setninga gjeld ikkje berre sidan eg har fått med ein jurist oppe på orgelkrakken.

”Pacta sunt servanda” – Kontraktar skal overhaldast.   Kjære konfirmantar for ni månader sidan gjekk dei med på ein kontrakt. De skulle være konfirmantar i eit år og så skulle de konfirmerast. Så langt har de i alle fall stort sett hold kontrakten: De har møt opp til undervisninga, de har vært med på turar og de har i alle fall late som om de har lært noko – slik såg det i alle fall ut under overhøringa.

I dag har eg tenkt å overhalde min del av kontrakten. De skal bli konfirmerte. Eg er alltid litt vemodig på konfirmasjonsdagen: Det har vært kjekt å gå eit stykke av livsvegen i lag med dei gjeng ungdomar. Det har vært kjekt å sjå korleis dei har forandra seg. Korleis  dei har lært ting og korleis dei har blitt eit stykke meir voksen, sjølv om dei framleis klarer å tulle og tøyse slik som barn om dei vill. Det hadde nok vært kjekk om eg kunne fortsetje eit stykke til i lag med dei, men slik er livet. Eg har ingen illusjonar: Eg kjem ikkje til å møte dei like ofte i kyrkja. Det blir nok meir tilfeldig at eg får med meg kva som skjer med dokke. Kanskje den eine eller andre kjem att til bryllaup eller barne dåp – helst i rett rekkefølgje og forhåpentlegvis klarer i å unngå at vi møtast alt for ofte i gravferder. Konfirmasjonen er ingen sluttpunkt. Den er ein milepæl. Det er berre eit kapitel som er slutt ikkje boka. Og eg håper at når de kanskje kjem att om 25år og skal feire konfirmasjonsjubileet at det då er mange historier dokke har å fortelje om kva dokke har opplevd i trua.

Eg kjennast nok vemodig  for sjølv med all optimisme så veit eg at eg ikkje kjem til å møte dokke like ofte i kyrkja slik som det har vært dette året. Men nå skal eg plage nokon med vemodigheita mi meir. Kanskje eg bør heller fortelje ein vits? Veit de kvifor Peter ikkje klarte å gå Jesus i møte då han kom gåande på Genesaretsjøen?  - Han visste ikkje kor steinane låg.

Eg veit at dokke møter og kjem til møte utfordringar. Livet er ikkje alltid så enkelt. Men de er kjekke ressurssterke ungdomar. De skal klare dette. Og eg håper at de opp i alt dette kan ta vare på trua på den treeinige gud: gud fader, Jesus gud son og den heilage ande.

Eg har vært på Genesaretsjøen og den er ganske djupe – og det er ingen steinar der til å gå på. Det er nok trua som må til. Den trua som de skal ta vare på sjølv om kanskje ikkje blir så store at de klarer å gå på fjorden. Eg klarer heller ikkje å gjøre dette sjølv om bispedømekontoret fleire gongar har spurt meg om det for å kutte på utgiftene til skyssbåten.

Det er noko trua som måt til og denne trua må levast. For å ta vare på den hjelper det ikkje å berre ha den. Ein må leve den, ein må be, ein må lese i bibelen, ein må bli med i kristne fellesskap. Eg får ikkje gjer noko som helst obligatorisk for dykk lengre. Eg kan berre be dykk, eg kan berre formane dykk slik som apostlane gjorde med kyrkjelydane sine:

2. Peter 1,5-11 Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle. For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus. Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.

Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla. Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk.

Jesus har tenkt å halde kontrakten sin lovnaden sin. Og eg bed dykk om at også de må halde fast på trua sjølv i denne verda som vi lever i:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Eg kan ikkje tvinge nokon til noko og eg skal heller ikkje gjer det. De veit korleis de får tak i meg når det er noko de lurer på eller når de treng hjelp, eg skal være der for dykk også utover konfirmasjonen. Eg skal ikkje tvinge meg , men eg kan be for dykk og eg kan tenne eit lys for kvar einskild av dykk:

 

 

 

AMEN