Drucken

Av og til, så ser det mørkt ut, med både det eine og det andre prosjektet. Men kva er eigentleg mørket? Mørket er det relative eller absolutte fråværet av lys. Absolutt mørke er faktisk noko som er vanskeleg å oppleve her i landet. Noreg er eit land i lyset. Det er få plassar, der du ikkje har eit glimt frå gatelyst, ei fyr frå sjøen, eit hus eller ei eller anna turbine i horisonten. Det er astronomane som har lagd merke til at det blir meir og meir

vanskeleg å observere stjernene frå jorda. Det er ikkje mørkt nok til å sjå dei svakare stjernene. Det er ikkje mørkt nok – til og med i Noreg. Noreg er eit land i lyset, eit land som er på solsida av verda. Eit land som har fått store rikdomar i gåve. Eit land som kan unne seg eit liv i lyset. Vi har nok elektrisk lys her i landet, men  det eit anna lys for denne verda, der eg kjenner at det blir svakare og svakare her i landet:

 

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 12. kapitlet:

Jesus sa: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er Jesus som er lyset for verda. Han har vært det i den tida då ikkje alle hadde råd til sterain- eller oljelys og han ynskjer å være det også i dag. Han ynskjer å være eit lys for oss også i dag og i framtida. Sjølv om vi framleis har nokolunde mørke vinternetter. Vi lever i lyset vi lever i ei tid med mykje reklamelys og mykje lys som vi skapar sjølv. I denne tida verker det sanne lyset, lyset til Jesus svakare.

Vi lever i eit fantastisk land. Eg veit ingen betre plass å bu enn her  og ein av dei finaste plassane i landet synes eg faktisk er her ute hos oss på øyane. Noreg er eit land i lyset eit land med mange tradisjonar. Og det ver viktig at vi tar vare på det som ein gong samla landet, på det som arven vår: Den kristne trua. Trua på det sanne lyset Jesus Kristus. Vi kan ikkje lengre stole på at ”det offentlege” tar vare på det.  Skulen har ikkje lengre ansvar for å lære barna opp i trua. Og det kanskje bar at det er slik. Og det gjer det tydeleg at det er vår oppgåve bære lyset vidare.

Frå nokon på peilo fekk eg høyre at på store skip har dei tepper som dei tar ned når dei skal seile i mørket og at det spesielle krav til lysa i instrumentane slik at ikkje mørkesynet til  dei som styrer der blir øydelagd. Dei skal kunne halde fokus på dei rette lysa og ikkje bli villeleia, sjølv om desse lysa kanskje verkar svakare fordi det er så lyst rundt omkring. .

Vi lever i ei tid med mykje lys, der kunnskapen om og kjennskapen om Jesus Kristus ikkje bærer seg vidare av seg sjølv. Vi må ta ansvar for dette. Vi må ta vare på trua som er så mykje meir enn berre tradisjon. Og vi er flinke til det, men vi kan bli ennå flinkare.

Dagen i dag er ein gledesdag, ein dag, der vi feirar dette fantastiske landet og at vi får leve i lyset, men den bør også minne os på at vi tar vare på mørkesynet vårt slik at vi ikkje meister det sanne lyset, trua på Jesus Kristus, guds son, vår frelsar  Og slik at vi også i framtida kan leve i lyset og ikkje så ikkje mørkret skal falla på. oss Amen.