Drucken

Preiketekst: Matt 28:16.20

Andakt: Det er for tida ei farge som dominerar: Grønt! Sol og regn fekk både blada og graset frem.  Nå veks det alle plassar.  Også i kyrkja blir det grønt som dominerar nå. Etter dei 50 dagar mellom påske og pinse med kvit som festfarge og raud fargen til Den Heilage Ande som vi brukte til pinse, er no grønt som er den liturgiske fargen. Grønt: Denne faren står for vekst. Den kristne trua må vokse. Den er ingen eingangshending  som ein berre har og som ein hentar frem når ein kjenner behov. Trua er heller som ei plante som vil vokse og utfolde seg.

Trua treng vekst. Den er aldri ferdig. Den er aldrig ferdig sidan Gud aldri er ferdig med oss. Vi veit at vi aldri klarer å leve heilt slik som Gud hadde ynskja og likevel er han aldri ferdig med oss.  Trua er som ei plante som vil vokse. Den vill nok overleve tørkeperiodar om den får næring igjen. Men den overlerver  nok ikkje om den må svelte heile tida. Trua treng  mat. Mat som den får i Guds ord, i bøna, i nattverden, i det kristne fellesskapet. Trua veks i fellesskapet og der er vi som må gi han dette fellesskapet. Det viktigaste er ikkje kor vi finn dette fellesskapet, men at vi finn det. Det er mange plasser du kan finne det: i kyrkja, på bedehuset, på misjonshuset, på ei andakt, på ei felles tur med bibelen i bagasjen… Men skjer ikkje noko før du gjer det.

”For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.” (Matt 18:20) seier Jesus. Han ynskjer å finne deg, han ynskjer å sjå tru som veks og blomstrar og han tar seg av trua som er svake og som er knekt av livets stormar, men det er vi som gi han  mogleik til å finne oss. Gi deg eit sjølv eit spark! Kom i gang! Gud har tid til deg – ta deg tid til Gud!

Ha ein god helg!

Michael Hoffmann

Bøn: Treeinige Gud, Fader, Son og Heilage Ande, vi takkar deg for dåpen til ditt heilage namn, der vi vert fødde på nytt av vatn og Ande. Styrk oss i trua på deg, så vi kvar dag lever i dåpsnåden og går med evangeliet ut til alle folkeslag, du som lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen (Kollektbøna frå alterboka)

Song: NoS 765 No livnar det i lundar