Drucken

Kor mange år er det sidan dokke vart konfirmerte? Er det noko de husker frå konfirmantundervisninga? Eg håper at ikkje alt er gløymd. Eg håper at konfirmantane mine i alle fall klarer å ta vare på den vesle bibelen, Fader vår og truvedkjenninga. Den truvedkjenninga som konfirmantane lærer i dag er den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,som skapte himmelen og jorda.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son,
vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmek-tige Fader,
skal kome att derifrå og døme levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Denne teksten er i den opphavlege latinske versjonen frå 400talet og ordlyden er fast sidan 800talet. Dei norske oversettingar har nok variert i løpet av åra, men innhaldet har alltid vært den same. Den apostoliske truvedkjenninga er neppe den eldste og i alle fall ikkje den kortaste truvedkjenninga som finns. Kjernen i den jødiske truvedkjenninga Shema Israel som står i 5. mosebok  6:4 er for eksempel mykje kortare:   “Høyr, Israel: Den Evige er vår Gud, den Evige er éin!”.

Men veit dokke kor vi finn den eldste kristne truvedkjenninga? Då bør dokke nå høyre godt etter, for den er gøymd i dagens preiketekst:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 16. kapitlet:

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: "Kven seier folk at Menneskesonen er?" Dei svara: "Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane." "Og de," spurde han, "kven seier de at eg er?" Då svara Simon Peter: "Du er Messias, den levande Guds Son." Jesus tok til ords og sa: "Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen." Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

Slik lyder Herrens ord.

Har de funnet den? "Du er Messias, den levande Guds Son.". Den er enkelt, den er kort og den er presist. "Jesus er Messias, den levande Guds Son." . Kvifor bruker vå då den lange apostoliske truvedkjenninga?

Truvedkjenningar er svar på spørsmål om trua. "Kven seier folk at Menneskesonen er?" spør Jesus først og spør han ” kven seier de at eg er?” Eit klart spørsmål og eit klart svar. Du er Messias, den levande Guds Son.".og Jesus er einig i det.

Etter kvart, etter at Jesus for opp til himmelen,  blei spørsmåla meir komplisert og det blei meir og meir vanskeleg å bli einig om svar.  Ein kunne til og med gå til krig mot kvarandre pga. 3 bokstaver i truvedkjenninga.

Men samstundes samlast også fleire hundre millionar kristne om den nikenske og den apostoliske truvedkjenninga. Den uttrykk for kjernesvar i den kristne trua. Det sett oss i eit fellesskap med dei som seier den nå, dei som sa den før oss og dei som kjem til å sei den frem til Jesus kjem att.  Gjennom truvedkjenninga, er vi del av eit fellesskap.

Men likevel også truvedkjenninga til Peter har noko: "Du er Messias, den levande Guds Son." Den er enkelt kort og grei og i tillegg kjenner vi svaret til den: ”kven seier de at eg er?" Og dette spørsmålet gjeld også oss: ”Kven seier du at Jesus er?” – Kven er han for deg? Har han noko med livet ditt å gjer? Er han ein del av kulturen, eller er han meir for deg?

Vi har den apostoliske truvedkjenninga, vi har truvedkjenninga til Peter og vi kan formulere ny svar på spørsmålet ”kva trur du på?” kvar einaste dag. Kva trur du på? Eg skal avslutte peika med ei truvedkjenning som sett ord på mykje av det eg trur på:

Eg trur på gud som er kjærleik, som har tolmod og som tåler at eg kranglar med han.
Eg trur på at han har gitt jorda til alle menneske.
Eg trur ikkje på at det alltid er den sterkare som har rett, men på rettferd for alle.

Eg trur på Jesus Kristus som kom for å hjelpe oss, for å lækje oss og for å gjøre oss fri.
Difor er lengselen min stor for denne verda og for kvart enkelt menneske.

Eg trur på fellesskapet av dei heilage, som er kalla til å tene alle menneske.
Difor trur eg at gud kallar på  meg og at han trenger meg.

Eg trur på lovnaden frå gud, lovnaden om rettferd og fred for alle menneske, ein ny himmel og ei ny jord.
Eg trur på det vakre i del enkle, på kjærleik med opne hender, fred på jorda og etter denne røynda her. AMEN