Drucken

Får eg lov til å starte med eit spørsmål som kanskje er litt ubehageleg? Skal eg tørre å stille spørsmålet? Ok, eg skal våge det: Har nokon av dykk nokon gong vært borte i ei rettssak?

Eg for min del har berre vært med i ei rettssak då eg gjekk på skule. Heldigvis har eg og klassen min berre vært tilskodar. Men eg kjenner folk som har litt meir erfaring med det, for eksempel han Michael. Michael, kan du kome til meg?

 

Michael, vi kjenner deg først og fremst som papa til Benjamin og Emilian og kantor, men du har også eit anna yrke. Kva er det andre yrket ditt?

Kva gjer ein advokat?  Når du er i retten, er det då berre du som er der, eller er det då berre du som er der eller er det fleire? (I ei straffesak trenger vi nokon som er tiltalt og ein statsadvokat) : Kvifor er den tiltalte der? (Nokon har meld han og har fortalt at han har gjord noko gale og skal dømmast for det.) Kva gjer statsadvokaten? (Han fortel kva som har blitt gjord galt og kvifor det skal være den tiltalte som er ansvarleg for det. Og så krev kan ei straff for den tiltalte.) Er det statsadvokaten som bestemmer kva straff den tiltalte får? (Nei, det er dommaren som gjer dette.) Og kva gjer du? (Eg, som advokat, er forsvararen, eg fortel til dommaren om det er verkeleg er den tiltalte som har gjord ein feil, eller i kor står grad han er ansvarleg og så ber eg dommaren om ei mildare straff eller om at den tiltalte må frifinnast.)

Er det flaut å være i retten? (Ikkje så mykje for meg, eg gjer jo berre jobben min. Men det er ofte ganske flaut for den tiltalte. Og difor er eg som advokaten og forsvararen hans der: For å passe på at dommaren frifinn han når han er uskyldig, og om han ikkje er heilt uskyldig, så skal eg hjelpe til at han får ei straff som ikkje er for hardt. Og likevel er det flaut for neste alle.)

Takk skal du ha Michael og så får vi berre håpe at du nå ikkje blir advokat igjen, men kjem att som kantor til oss når du er ferdig med papapermen din.

Det er ganske flaut å sitte som den tiltalte i retten. Og det er ennå meir flaut når ein veit at ein har gjord noko gale og at ein vill få ei straff. Og ein gong skal vi alle i retten. Og då skal vi dømast for alle feil for alt det gale vi har gjord i livet vårt. Det høyrast skummelt ut, ikkje sant? At ein skal bli dømt for alle feil ein har gjord i livet – hos meg er det i alle fall ein god del. Sjølv om eg prøver mitt beste, eg får det ikkje heilt til. Eg er eit menneske eg gjer dumme ting og feil.

Og då blir det litt flaut å måtte stå til ansvar for alt det eg har gjord i livet mitt. Det er flaut, men eg treng ikkje å være redde, det er nemleg gud som er dommaren og så har eg den beste forsvararen som finst: Jesus Kristus. Og det han gjer er, at nå eg då har fått dommen min, så seier Jesus: Eg tar straffa på meg! Eg har sona for han! Hadde du gjord det Michael? (Nei og det er ikkje mogleg heller).  Men Jesus kan det og Jesus gjer det, han gjer det fordi han er glad i oss, i alle dei som trur på han. Det er dette dagens preiketekst handlar om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 6. kapitlet:

Jesus sa: Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

Slik lyder Herrens ord.

Gud er glad i oss, han er vår himmelske far, han er glad i borna sine og han ynskjer ikkje at vi skal sone straffa som vi får, vi skal heller kome direkte til han. Det er difor han sende Jesus til jorda: Jesus er heilt uskyldig. Han er det einaste menneske som aldri har gjord noko gale, det einaste menneske som alltid levde slik som gud ynskja det. Og denne Jesus tar på seg liding og død. Han gjør dette for å kunne ta på seg straffa vår, slik at vi slepp å sone. Til alle dei som trur på han gir han med dette ei uendeleg står gåve: Eit evig liv etter dette livet her på jorda. I dette livet vill ingen meir gråte og det vil være ikkje smerte eller tårar. Og Jesus vil ha med seg ikkje ein, ikkje to ikkje tre, men alle, alle vil Jesus ha med. AMEN