Drucken

Husker du den gangen du var nyforelska? Magen var fulle av summarfuglar. Det var så varmt og godt i lag med kvarandre at ingen kjente kulda under den klare stjerne himmelen. ”Eg vil hente stjernene frå himmelen for deg!”

Eg veit ikkje om du nokon gong har opplevd noko slikt og korleis det mogleges gjekk vidare med dykk. Det eg veit derimot er at det var mange stjerneklare og kalde netter nå i det siste. Har du sett opp til himmelen? Har du sett stjernene og korleis dei blinkar? Dei forandrar seg nok avhengig av kor du er, eller kva tid på året ein ser opp til himmelen, men det har nok ikkje blitt færre. Det er nok ingen av dei som har blitt henta ned.

Vi lever i adventtida og denne tida er i grunn ikkje berre førejuletida, ikkje berre ei vente tid. Ordet ”ad-vent” kjem ikkje frå å vente, men frå latin Adventus (Redemptoris), ”(Frelsaren sitt) komme”. Adventtida skal minne oss på at Jesus kjem att. Ingen veit kva tid han kjem, men vi skal likevel være førebudd på det. Og vi skal sjå teikn som viser at han er på veg. Mot han mistar stjernene sin glans og han skal hente dei frå himmelen for oss:

Jesus sa: Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær. (Luk 21,25-27)

Det skal bli bratt og det skal bli voldsamt når Jesus kjem att. Vi skal være førebudd på dette, slik som vi skal være førebudd når vi får ein viktig gjest i huset. Vi skal være førebudd, men vi trenger ikkje å være redde. Jesus er glad i oss, han er så forelska at han allereie gav alt for oss. I han vart gud menneske som eit lite barn og han døde på korset for oss. Han skal kome att med makt i herlegdom.

Tida før jul er ofte travelt for mange, men det hjelper ikkje å stresse med alle julebord, alle vasking, alle gåver og alt pynt, når du ikkje får tid til deg sjølv og til innhaldet i adventtida: Herrens kome!

Ei velsigna adventtid!