Drucken

Seinast kl. 18.00 reiser straumen, og kort tid etter straumen reiser også vatnet. Alle vindauge må være lukka og gardinene skal være framme. Gatene er mørke. Både badekaret og alt vi har av kanner er fylt med kald vatn. Vi har bunkra gas og brensel. Ved døra ligg det sekker med naudbagasje og der heng det også to skilt. Skilt der namna våre står påskreva i tillegg til namn og adressene til våre nærmaste slektningar. Flyplassen er steng der er panser i gatene og amerikanske krigsskip utanfor kysten.

Det er slik eg husker advent- og juletida i 1985. Vi budde i byen Zawia i Libya, der foreldra mine jobba som leger og eg og broren min gjekk på ein tysk barnehage og skule. I denne adventtida måtte vi være klare. Vi måtte være klare på at alt kunne skje. Ennå ein gong hadde Ghadaffi klart å hamne på kant med amerikanarane. Og nå måtte vi være klare. Vi skulle være klare til å reise men foreldra våre skulle bli att om dette skulle skje. Om det vart krig så trengte landet leger, men då hadde det ikkje lengre vært trygge for borna deira.

I Januar skulle vi på ferie til Tyskland. Heldigvis var flyplassen open denne dagen. Få veker etter det bomba amerikanarane landet.

Vi skal være klare. Vi skal være klare, ikkje til å reise, men til å ta imot. Det er det adventtida minner oss på. Ordet ”ad-vent” kjem ikkje frå å vente, men frå latin Adventus (Redemptoris), ”(Frelsaren sitt) komme”. Adventtida skal minne oss på at Jesus kjem att. Ingen veit kva tid han kjem, men vi skal likevel være førebudd på det. Vi veit ikkje kva tid han kjem men vi skal være klare og vi skal skjønne det når han kjem:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 21. kapitlet:

Jesus sa: Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.
Så fortalde han dei ei likning: Sjå på fikentreet og alle andre tre. Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Slik lyder Herrens ord.

Vi skal være klare til å skjønne teikna. Vi skal være klare til å ta imot Jesus når han kjem, sjølv om ingen veit når han kjem. Vi skal være klare, men vi trenger ikkje til å være redde. Jesus er glad i oss og den som er glad i han har ingenting å frykte. Vi skal være klare. Vi skal ikkje være så fastbundne i kvardagen vår at vi ikkje lengre har overskutt til trua. Vi skal være klare til å møte trua og til dette er det viktig at vi har trua i behald. Det er viktig at vi tar vare på trua på den levande gud, at vi steller den, at vi bruker den. Vi skal be, vi skal syngje, vi skal høyre guds ord og vi skal møtast som kristne. Den kriste trua overlever ikkje privat og personleg inne i kammerset. Den kristne trua treng fellesskapet. : For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei. Matt 18,20, og når han finn oss slik då er vi klare til å møte han.

Ei velsigna god adventtid – vær klare for herrens kome. AMEN