Drucken

Eg skal prøve å måle kor stor kyrkja vår er. Det er xxx meter frå Altertrappa til døra og xxx m i høgda. Det hadde nok ikkje gått ann å få plass til ein båt her inne som skulle bli sirka 135 meter lang, 23 meter bred og nesten 14 m høg.

Er det nokon som veit om vi har ei halle som er stort nok til noko slikt her på Øyane? Er det nokon som har greie på kor stor Nordøyhallen blir?

Nå har ikkje eg så god peiling på å byggje båtar heller. Men eg trur vi har folk her som held på å byggje båtar. Hadde det gått an å byggje ein så stor båt? Kva material hadde du brukt om du skulle byggje ein slik båt? Har du ei ide om ein kunne bruk ein slik båt til?

Eg veit kva ein kunne bruke ein slik båt til. Måla tok eg nemleg frå bibelen og der står det om båten og om han som bygde den:

1 Mos 6:13-22

[13] Då sa Gud til Noah: "Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda.  [14] Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes.  [15] Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg.  [16] Eit tak skal du leggja på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør på den eine sida, og bygg arka i tre høgder!  [17] No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda, skal døy.  [18] Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg.  [19] Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera.  [20] Eitt par av kvart slag skal koma inn til deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berga livet.  [21] Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal vera til føde for deg og for dei."  [22] Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt.

Kvar gong eg ser ut av vindauge og klarer å få auge på ein regnbue må eg tenkje på denne karen, Noah og båten hans. Veit dokke kvifor det?

Det har noko med slutten av storflaumen å gjere: 1 Mos 9:12-15

Og Gud sa:
"Dette er teiknet på pakta eg skipar
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som hjå dykk er,
for ætter som kjem i alle tider:
Eg set bogen min i skyene;
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
[14] Når eg samlar skyer over jorda,
og bogen syner seg i skyene,
[15] då skal eg koma i hug den pakta
som er mellom meg og dykk
og kvar levande skapning.
Aldri meir skal vatnet verta
til ein storflaum som tyner alt liv.

 

Det er ofte umogleg å forstå kva Gud gjer og kvifor gud gjer ting.  Det er ikkje råd å forstå han, men vi kan tru på han. Mykje av det vi opplever i livet kan være uforståeleg og likevel kan vi tru på gud. Vi kan stole på at han ynskjer å ta vare på oss slik som han tok vare på Noah og alle dyra. Eg Trur nok at det ikkje berre var sundagskos i båten og at dei nok også fekk oppleve sikkelege bølgjar. Men gud tok vare på dei, han berga dei. Og slik ynskjer gud også å berge oss.

Men korleis klarte gud å berge dei alle? Han klarte det fordi han hadde folk som han kunne bruke. Han hadde folk slik som Noah som klarte å lytte på han.

Nå er det med å lytte på gud ikkje så veldig enkelt. For det første så må ein være veldig stille for å kunne høyre gud. Han er nemleg ikkje den som skrik høgt, han bruker heller lav stemme. Og for det andre er det skjeldent han snakkar direkte til folk.

Og likevel så snakkar han til dei. Han snakkar ofte gjennom ord som han allereie sa ein gong. Veit dokke kor vi kan finne det som gud har sagt? I bibelen! Og det er difor viktig at vi har biblar, og ikkje berre har dei, men at vi leser i dei med. Er det nokon her som ikkje har fått bibel ennå? Kor mange av dokke går i 5. klasse? Jo, da må dokke kome frem. Kva heiter den delen av bibelen som har 27 bøker? NT

Jo og det skal dokke få her ligg det eit NT for kvar og ein av dokke. Kva er det Nye testamentet handlar om? Jesus. Og så står det Godt Nytt på Framsida. Kvifor det? – Fordi det er godt nytt at gud blei menneske i Jesus Kristus. Fordi gud ynskjer framleis å ta vare på kvar og ein av oss. Og han er så glad i oss at Jesus døde frivillig på korset for oss.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Gud ynskjer å ta vare på oss, om vi slepp han til. Men nå skal dokke få sleppe til:

Utdeling