Drucken

Den 21. desember, for 2 veker sidan kunne vi sjå eit astronomisk fenomen: Ei total måneformørking på den kortaste dagen i året. Dette var spesielt, spesiell i alle fall for alle dei som fekk sjå det. Og det er rykte om at fleire av dei som bur langs vegen ut mot Haram har klart å sjå det.

 

 

Også for 2017 år sidan var det eit astronomisk fenomen: I løpet av få månader kunne ein sjå dei to store planetane Jupiter og Saturn tett inn mot kvarandre heile tre gongar?

 

Er det det som synte seg på himmelen då vart født? Eg for min del tviler på det. Når det var gud som skapa himmel og jord, då skulle det ikkje være nokon problem for han å sende ein understjerne, eller ei supernova for å vise vegen til stallen der Jesus blei født. Eg trur gud kunne sende ein spesiell stjerne for at vismennene skulle kunne vise kven Jesus barnet, guds son er. Det er også det dagens preiketekst handlar om:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 2. kapitlet:

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
Frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

Slik lyder Herrens ord.

 

Om ein les teksten nøye så står der ikkje eit einaste ord om kor mange det var som kom til Btelehem. Det står der berre at det dei kom frå Aust, kva gåver dei hadde med seg og at dei var på veg til Jesus.  Det greske ordet i teksten seier at dei er Magoi, det vill si at dei er medlemmer av ei mektig prestekaste i Persia, eller kanskje når ein ser det litt meir vidt, at dei er stjernekyndige

Det er først seinare, fleire hundre år seinare,  at dei blir kongar. På 500-talet kjenner vi namna Kaspar — konge av Persia, Melkior — konge av Nubia og Baltasar — konge av Saba. Melkior vart gjerne avbilda med raudbrun hud, Baltasar som ein neger. Slik vart dei tre kongane sett som eit bilete på at også heidningefolka skulle hylle Frelsaren.

Men det viktigaste for oss i dag er ikkje kva dei heit, kor nøyaktig dei var i frå og korleis dei kom seg til Betlehem. Det var nok gud som leia dei.

Det som er kanskje viktigast er gåvene som dei hadde med seg.

Gull,røykjelse og myrra. Desse tre har ein høg symbolsk verdi.

Gull står for makt. At Jesus får gull til fødselen er eit symbol for at han skal være ein mektig konge. Det viser at han skal ha stor makt, for det er mykje ein kan kjøpe for gullet og i dag som denne gongen var det statskassa som avgjorde kor mykje statsmenn kunne regjere.

Røykjelse er noko som brukast i gudsteneste forskjellige religionar og kyrkjesamfunn frem til i dag. Det går ein heil del røykjelse i både dei ortodokse kyrkjesamfunn og den katolske kyrkja. Ein legg gjerne ein bit røykjelse på glødande kull og lukta som stiger opp skal glede gud. Kven av dokke har nokon gong fått ekte røykjelse i handa? Eg skal gi dokke litt - til å kjenne på det. Og kanskje skal eg også tenne på litt i våpenhuset under postludiet slik at de også kan lukte på det.
Røykjelse er eit symbol for at Jesus skal være prest. Han skal være ein mellommann mellom gud og menneska.  Og det kjem han. Forholdet mellom gud og menneska blir eit heil anna gjennom han.

Den mest spesielle gåva er kanskje myrra: Myrra likner utvendig mykje på røykjelse, men det brukast annleis. Det brukast som medisin. Den verker både desinfiserande, blødingsstillande og dempande på betennesler. Den var eit slags fleire-bruksmedisin  i alderdomen. Den blei mykje brukt i salver. Myrra som symbol seier at Jesus er Messias, den som er salva, frelsaren.  Han er den som skal lækja såra til folket. Han er den som skal ta vare på dei.

Jesus skulle leve opp til alle dess gåvene, man han skulle gjøre det på si måte og ikkje slik som folket forventa det.

Kva er det du forventar av Jesus i dette året? Kven er han for deg? Kva kan han forvente av deg?
Jesus ynskjer å være frelsaren din. Men det er du som må gi han rom. Han ynskjer at du tar han med, at du gir han rom i kvardagen. Men for dei fleste handlar det nok ikkje om å ha tid, men om å ta seg tid. Han ynskjer at du lever i eit kristen fellesskap som ein av læresveinane hans. Men det er du som må setje deg i sving. Det er du som må ringe eller kome deg ut av huset.

Jesus ynskjer å være der for oss, men det er vi som må ta han med, det er vi som må sleppe han til.

Ta han med1 eit velsigna år 2011 til kvar og ein av dokke og til oss ale saman.