Drucken

Kven av dykk har barn? Eg sjølv er papa og eg syns det er gøy å være i lag med borna mine. Det er mykje artig dei finn på. Men av og til kan det være krevjande med å være papa. Tenk deg for eksempel at du har ein 2 åring. Og når 2åringen har bestemt seg for noko då skal det skje. Han vil at det skal skje og då må det skje. Det må skje. Her og nå. Men ikkje alt kan skje her og nå, med ein gong. For det meste klarer ein heldigvis å få fokuset hans flytta over på noko anna som kan skje her og nå. Men det er vanskeleg for ein 2åring å forstå at ting tar tid. Og sjølv ein superpapa klarer ikkje å få til alt heller. Og dette kan være vanskeleg å fatte.

Vi lever i ei tid, der ingen har tid lengre. Alt skal skje fort, helst i går, men i alle fall her og nå. Og alt skal skje på ein gong. Våger vi å sjå ut gjennom vindauga så klarer vi derimot å sjå at alt ha si tid. Ei til å så, ei tid til å vekse, ei tid til å hauste, ei tid til å kvile.

Vekst tar tid. Det er ikkje bra å forstyrre veksten alt for mykje heller. Bruker ein for mykje og feil gjødsel for at veksten skal skje raskare kan både frøet eller planten  og jorda blir øydelagd. Vekst tar si tid, og ikkje alle frø få utfolde seg heller. Dette er også utgangspunktet for likninga som Jesus fortel i dagens preiketekst.

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 8. kapitlet:

Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: "Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll." Då han hadde sagt dette, ropa han ut: "Den som har øyro å høyra med, han høyre!"
Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. Han svara: "Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde."

Slik lyder Herrens ord.

Når eit frø skal spire, når det skal vokse og bli til ei plante, då er det tre ting som trengs: Det rette og tenlege været, den rette jorda og det trengs tid.

Også trua er noko som må vokse. Det er nok skjeldent at den kjem over folk og er der i full størleik frå første augneblikk. Også trua treng tid, tid til å vokse. Det er guds ord som er frøet til trua.

Å passe på ”at Guds ord kan bli rikelig forkynt” er ei av dei viktigaste oppgåvene til soknerådet, slik står det i alle fall i kyrkjelova i § 9. Og eg kan ikkje sei noko anna om soknerådet vårt enn at: Dette er noko dei gjer.

Men guds ord er berre frøet. Her har eg ei pose med blomsterfrø og på denne posen står det på baksida: Spireprosenten på XX . Dette bil si at ikkje alle frø kjem til å spire i det -heile tatt. Sjølv i den beste jorda vil ikkje alle desse frø spire, slå rot og vokse.

Guds ord derimot har nok ein spireprosent på 100%. Det skal alltid spire. Men om det klarer å slå rot, om det klarer å vokse og blomstre, det er avhengig av kva jord det fell i.

Og her snakkar vi ikkje om blomsterpottar eller jorda på marka. Her snakkar vi om jorda i oss sjølve. Er vi klare til å ta imot guds ord? Eller fell guds ord hos oss på vegen?

På vegen blir det trakka ned av vår eigen travel kvardag. Vi skal være med på alt. Det er vanskeleg å sei nei. Guds ord roper ikkje så høgt, det kan lett bli ein salderingspost, som andre aktivitetar, menneske og tankar kan stele frå oss.

Guds ord kan også falle på steingrunn i oss. Det kan skapet begeistring og entusiasme ei stund. Men når livet går i motbakke, når livet og trua møter motstand blir det fort borte. Trua klarer liksom ikkje å etablere seg som ein fast del av livet.

Også er det ting som blir viktigare og som vekst større enn trua som kan kvele den. Ugraset og tornekratt, vår eigen velstand og alle dei forpliktingane som den har med seg kan kvele trua. Kanskje trua klarer å overleve, men den klarer ikkje å utfolde seg om ein ikkje ryddar plass til han.’

Og så treng trua tid og teneleg ver. Den må få seg eit klima til å vokse og til å utfolde seg. I vår hektiske tid kan det kanskje hjelpe om vi har noko som minner oss på dette. Eg har funne frø som til og med kan såast i februar. Og her er nokre poser som eg skal dele ut. Ta den med, del på den og så kor god jorda er her på øya. Bruk den til å minne deg på at .guds ord også treng god jord i deg. Ta frøet med så det ut og stell det. Det kan hende at nokre av desse blomane til og med treng tå år før dei blomstrar for fullt. Men når dei gjer det så skal det bli mykje glede av det.

Ting ta tid også trua må vokse. Men har vi rydda jorda vår og fell guds ord i god jord då kan den vokse og blomstre. AMEN