Drucken

Summaren er ei tid der det er herleg å være ute på sjøen. Det er gøy å prøve fiskelykka og for min det gjer det ikkje noko om eg ikkje får napp i det heile tatt. Og eg finn nok ikkje dei rette plassane heller, og har nok også ikkje lyst til å finne dei med all slags nymoderne teknikk. Det er også herleg å berre være der så lenge det ikkje er for mykje skodde til å finne vegen heim att. Eg er ute for å slappe av og for å ha det litt gøy.

Verre er det med dei som fisker for å tene pengar til livets brød.

Dei fleste av dei nok både mykje kunnskap og teknikk i båtane sine og det må dei har, for blir det ikkje fisk på ei stund kan det fort bli krise. Slik er det i dag og slik var det då Jesus levde:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 5. kapitlet:

Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.
Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: "Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk." "Meister," svara Simon, "vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota." Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: "Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann." For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: "Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!" Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.

Slik lyder Herrens ord.

Jesus er ingen superfiskar og han har ikkje med seg nye fiskeplassar som Peter, Jakob og Johannes ikkje viste om. Om han har ei utdanning så er han vel snekkar. Men det er ikkje det som tel. Jesus er ikkje der heller for å fikse noko på båten. Han er der fordi han er Guds son. Den levande guds son og ikkje mindre enn det.

Jesus er dei for å kalle Peter, Jakob og Johannes til å bli først læresveinane og seinare apostlane hans. Jesus viser at han skal ta vare på dei. Dei blir ikkje med han fordi han tvinger dei til dette med makt, men han viser at han har makt og at han ynskjer å ta vare dei. Han forsyner dei rikeleg med fisk og han kallar på dei. ” Heretter skal du fanga menneske!" seier Jesus når han kallar på Peter. Jesus har bruk for Peter. Peter er ikkje høgt utdanna han er ein enkel fiskar og Jesus veit at denne mannen kjem til å svikte han i påska om nokre år. Men Jesus har bruk for han, han kallar på han og Peter blir med.

Jesus kallar ikkje berre på Peter, han kallar også på deg. Av og til å syng borna mine songen ”Ikkje ein, ikkje to, ikkje tre, men alle, alle vil Jesus  ha med. Han kallar på deg han kallar meg alle vil Jesus ha med.” Jesus ynskjer å ha deg med . Han trenger deg, med det du kan og som den du er. Peter får seinare høyre at han skal bli til det fjellet som Jesus byggjer kyrkja si på. Kyrkja det er fellesskapet av dei som trur. Her og nå, når vi er samla lokalt og konkret rundt guds ord, då klarer er å sjå denne kyrkja med guds ord som grunnvoll. Men når eg ser på kyrkja, den norske, då leiter eg etter fjellet fordi eg berre ser sand og av og ser det som om det heile smuldrar opp.

Men Jesus kallar på meg og han kallar på deg. Han kallar oss til å bli menneskefiskarar. Han trenger deg og han trenger meg. Han trenger oss til å byggje kyrkja hans, fellesskapet hans. Han trenger oss her der vi er, han trenger oss som menneskefiskarar her på øyane våre. Han trenger oss, ikkje passive, aktive. Når var det sist du var ute med båten? Når var det sist du var ute på menneskefangst? Vi skal ikkje tvinge nokon til noko, men vi kan invitere. Vi kan invitere både til fellesskapet og til trua. Vi kan det, og vi skal det. Vi er kalla til det. Jesus kallar oss til det. På fredag skal det være Olsokfeiring med gudsteneste , grill og fellesskap. Korleis hadde det vært med å be nokon frå nabolaget eller nokre gjester ut med seg ditt?

Jesus kallar på oss og han trenger både deg og meg. AMEN