Drucken

I dag er det Olsok  festen for Olav den heilage og nasjonaldagen på Færøyane, som vert feira på dødsdagen til Olav, den 29. juli. Dagen minnar om ein blodig dag som satt sitt preg på landet vårt: Olav døydde i slaget på Stiklestad. Samanlikna med resten av Europa har Noreg likevel vært eit fredleg land. Det har for det meste vært eit fattig, men fredleg land og sjølv om det lenge måtte ligge under dansk og svensk herredøme, så har det likevel vert eit ganske eit ganske fritt land.

Det er berre ei veke sidan at ein ny og blodig dag prøvde å setje sitt preg på landet vårt. Det er ennå for tidleg til å sei om og eventuelt korleis den klarer dette. Den utfordrar landet vårt, den utfordrar oss. Så langt har vi klart å møte denne utfordringa på den beste måten: Vi har ikkje møt hat med hat, men vi har prøvd å møte den med å ta vare på kvarandre.

Å ta vare på kvarandre det er det også dagens preiketekst handlar om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 22. kapitlet:

No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. Då sa Jesus til dei: "Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk."

Slik lyder Herrens ord.

Heilt sidan Heilag Olav si tid har det vært kongar i Noreg , men kongen i dag er ingen Herre lengre.  Han er heller eit medmenneske. Han er eit medmenneske som sjølv er rørt av   det som skjedde den 22. juli, det er ein stevbror til svigerdottera hans som mista livet på Utøya.  Og slik som han  er nesten alle i landet rørt på ein eller anna måte: Noreg er eit vidt land. Og sjølv om folketalet veks, så er det framleis lite. Det er vel alle som kjenner nokon som er direkte eller indirekte rørt av det som skjedde. Det er difor det einaste vi kan gjer: Å ta vare på kvarandre, å tene kvarandre.

Og dette gjeld ikkje berre i den store nasjonale krisa. Det gjelder også i dei mindre, dei lokale og private krisane:  Vi skal tene kvarandre. Vi skal ta vare på kvarandre. Vi kjem ingen veg med å krangle om kven som får bestemme kva, når vi gløymer å ta vare på kvarandre. Gløymer vi det blir det berre hat og sår.

Det er difor vi har kyrkja som fellesskapet av dei som trur på frelsaren Jesus Kristus: For å ta vare på trua og for å ta vare kvarandre. Dette meinar ikkje at vi skal avstå frå å bruke klar tale – tvert i mot. Vi kan og vi bør krangle av og til. Men vi bør aldri gløyme å tene kvarandre og o ta vare på kvarandre.

Jesus Kristus guds son gjekk gjennom lidinga og døden på krossen for å tene oss, for å ta vare på oss:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3:16)