Drucken

Det er mange kyrkjelege organ og utval eg har vore med på før eg vart prest her ute på øyane. Allereie som ungdom var eg med på mange møter, møter som var spennande og møter som var kjedelege. Men det var i alle fall mange møter som likna veldig på kvarandre. Det er nok difor eg ikkje husker kor og når det skjedde, men berre at det skjedde: Temaet klarte tydelegvis å engasjere folket, for tonen i møteromet var engasjert og lyden nok litt over normalen. Plutseleg er det ein eldre mann som reiser seg og seier: ”Men kjære sysken vi kan jo ikkje krangle slik, vi er jo kristne?”

 

Eg trur ikkje at eg reagerte så mykje denne gongen, men eg blei nok minna på dette i det siste. Er det sant har vi ikkje lov til å krangle fordi vi er kristne? Kva gjorde Jesus? La han lokket på ting eller krangla han? Burde vi kanskje krangle litt av og til nettopp fordi vi er kristne?

Jesus var i alle fall ikkje redde for konflikt og for å krangle det viser dagens preiketekst:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 19. kapitlet:

Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel. Og han sa til dei: «Det står skrive:

Mitt hus skal vera eit bønehus.
Men de har gjort det til ei røvarhole.»

Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket leita etter ein utveg til å ta livet av han. Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle få det til, for alt folket heldt seg nær han og høyrde på han.

Slik lyder Herrens ord.

 

Jesus var ikkje redd for konflikt og han var ikkje redd for å krangle. Tenk deg at han hadde vore redde for klar tale … Nei eg vil helst ikkje tenkje på ein Jesus som var redde for konflikt, som unngår dei harde samtalane med farisearane og dei engasjerte samtalane med læresveinane sine. Nei eg vil ikkje tenkje på ein Jesus som sniker seg unna på langfredag.

Jesus er frelsaren min. Han er frelsaren min fordi han rydda tempelplassen. Han er det fordi han tålte å krangle og fordi kan kalla det som er galt for galskap. Han er det fordi han står på der eg svikter. Han er frelsaren min fordi han er ikkje redde for å gå den tunge vegen. Denne vegen er nok ikkje behageleg for Jesus heller, men han går den. Han går vegen opp til Golgata for meg. Meg syndige og svake menneske som ikkje klarer å stå på som slik han og som svikter han gang på gang.

Men Jesus er også frelsaren min fordi han prøver å ta vare på menneska: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

Dette er ingen trussel dette er ei profeti over ting som skal skje 40 år etter at Jesus vart krossfesta: Byen Jerusalem skal jamnast med jorda. Jesus ser det og han vil gjerne ta vare på menneska, men dei slepp han ikkje til. Dei gir ikkje han rom …

”Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel.” Jesus er ikkje ute etter å ta livsgrunnlaget frå dei som har inntekta si frå handelen på tempelplassen. Han går ikkje til angrep på dei personleg. Men tempelplassen er ikkje rette plassen for å tene pengar. Jesus går ikkje til angrep på nokon men prøver å rydde plass for nokon. Jesus prøver å rydde plass og rom for gud. Han prøver å gjenvinne tempelplassen for gud. Han vil gi gud rom!

Ja vi har lov til å krangle som kristne. Vi kan og vi skal engasjere oss. Vi skal ikkje teie om urett heller. Og det kan og av og må det også bli litt meir lyd. Det er lov å kalle ein spade for ein spade. Men det er også viktig at vi ikkje gløymer kvifor vi kranglar. Vi skal ikkje krangle for å øydeleggje nokon men for å vinn frem til ei god løysning. Vi skal krangle om saka og går laus på den, men skal ikkje gå laus på kvarandre. Vi skal ta vare på kvarandre sjølv om vi har nok så forskjellige oppfatningar om saka.

Sjølv midt i krangelen skal vi ta vare på kvarandre og vi skal gi rom til gud. Vi skal gi oss tid til å lytte på han. Vi skal be til han ikkje som eit maktmiddel men som eit rop om hjelp.  Og vi skal også gi rom till stille og ettertanke slik av vi klarer å lytte på gud. Vi skal ikkje gløyme at når vi er samla som kristne, sjølv i eit nok så heftig møte, så er vi ikkje åleine. Gud er med oss og han ynskjer å ta vare på oss. AMEN