Drucken

Dagane blir kortare. Det blir mørkt ute. I tankane mine er det framleis eit vers frå ”No livnar det i lundar som” heng igjen: ” Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong”. Ja eg lengtar etter summaren allereie nå, sjølv om det framleis er 2 månader att til jul.

No kjennast dagane som mørke og einsame. Ein treff ikkje så mykje folk lengre på gata. Og det gråe været gjer sitt. Men eg har det i grunn så verst. Eg har familien min rundt meg. Det er nok mange rundt meg som verkeleg er einsamt. Borna bur kanskje langt borte og det er ikkje så enkelt å reise lengre sjølv.

Det er nok mange som kjenner seg einsame i de tusen heim. Og det er også vi bør ta vare kvarandre. Mørketida med mindre jobbing ute er ypparleg til å gå på besøk. Den er ypparleg til å ta vare på kvarandre, slik at ingen skal sitje att i dei mørke tankane sine.

Matt 5:14 ” De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.” Gjer verda lysare for kvarandre i denne mørketida!

Husk at vi er aldri er heilt åleine heller. Vi har ein som er med oss, ein som skapa oss og som ynskjer  å ta vare på oss:

Det står skrive i Salmane i det 73. kapitlet:

Men eg vert alltid verande hjå deg, Herre,
du har gripe mi høgre hand.

Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du meg opp i herlegdom.

Kven har eg elles i himmelen?
Når eg berre har deg,
har eg ikkje hug til noko på jorda.

Om kropp og sjel forgår,
er Gud for evig mitt berg og min del.

Sjå, dei som held seg borte frå deg,
går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg tek mi tilflukt til Herren.
Eg vil vitna om alle dine gjerningar.

Slik lyder Herrens ord.

Gud er med oss. Den som ber til han er aldri heilt åleine sjølv om gud ofte svarer på si måte og ikkje slik som vi forventar det. Han er der og lyttar på oss, han ynskjer å ta vare på oss, men han utfordrar oss også til å ta vare på kvarandre særleg i denne mørketida.