Drucken

Har du nokon gang vert heime åleine, kanskje til og med om natta? Korleis er dette?
Eg husker godt ei av dei første kveldane eg var heime åleine. Foreldra mine var berre nokre få meter unna i eit av nabohusa. Men så gjekk straumen. Aldri før hadde eg kjent meg så einsamt, aldri før hadde eg kjent meg så åleine. Aldri hadde eg kjent meg så åleine, som då eg ikkje kunne be, før eg fant ord slik som dei som står i salmane si bok i bibelen:

 

Det står skrive i Salmane i det 73. kapitlet:

Men eg vert alltid verande hjå deg, Herre,
du har gripe mi høgre hand.

Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du meg opp i herlegdom.

Kven har eg elles i himmelen?
Når eg berre har deg,
har eg ikkje hug til noko på jorda.

Om kropp og sjel forgår,
er Gud for evig mitt berg og min del.

Sjå, dei som held seg borte frå deg,
går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg tek mi tilflukt til Herren.
Eg vil vitna om alle dine gjerningar.

Slik lyder Herrens ord.

 

Eg har seinare i livet opplevd at eg kjente meg åleine. Eg har opplevd at eg kjente meg heilt åleine, sjølv, eller kanskje særleg, når det er mykje folk rundt meg. Eg har opplevd å bli svikta. Eg har opplevd at dei som eg trudde at eg kunne stole på snudde ryggen til meg då det gjeld. Eg har opplevd at dei som eg trudde var vennane mine var borte då eg trengte dei.

Men eg har aldri opplevd at gud  svikta meg. Eg har opplevd han som langt borte.  Eg har opplevd at det kjentest som om han ikkje var der i det heile tatt. Eg har kjent det som om han ikkje var der når eg kanskje trengte han alle mest.

Men alltid, alltid har eg i etterkant skjønt at han var med meg . Han var der med meg for å ta vare på meg. Han var der sjølv om eg kjente dagane som veldig tunge. Eg er aldri åleine. Gud slepp meg ikkje. Han tar vare på meg, på barnet sitt. Han er med meg sjølv om søgane og frykta pressar meg ned. Han legg aldri meir på meg enn eg kan bære. Han er med meg og når det er verst så bere han meg på armane sine, kanskje til og utan at eg legg merke til det.

 

Ei natt drøymde eg at eg gjekk saman

med Herren på ei strand.

Medan vi gjekk der, kom mange bilete frå

livet mitt til synes som lysglimt på himmelen over oss.

I kvart av bileta såg eg avtrykk av føter i sanden.

I bileta av dei gode stunder kunne

eg tydeleg sjå avtrykket av to par føter som gjekk ved sida av kvarandre.

Men i dei vanskelege stundene, då eg hadde

det vondt og var redd, eller var fylt av sorg og mismot,

var det berre eitt par fotavtrykk i bilete. Dette forstod eg ikkje,

så eg sa til Herren: ”Du lovde meg, Herre,

at dersom eg fylgde deg, ville du alltid gå i saman med meg.

Men då livet mitt var aller vanskelegast,

var  det berre eitt par fotspor å sjå.

Kvifor var du ikkje hos meg då eg trengde deg aller mest?

” Herren svara: ”Mitt kjære og dyrebare barn!

Eg elskar deg og ville aldri forlata deg. Dei gongene det

berre var eitt par fotspor i sanda,

det var dei gongane eg bar deg i armane mine.”

AMEN