Drucken

Her har vi dei alle saman vismennene, gjetarane, Maria og Josef og ikkje minst Jesusbarnet. Vi er vante med at dei står der rundt krybba alle saman. Men kva har dei med oss å gjøre? Kvifor står dei der og kva hadde skjedd om dei ikkje hadde vert der?

Tenk på vismennene. Dei er rike menn, kanskje til og med kongar. Dei er dei siste som kjem til krybba. Tradisjonen har til og med gitt dei namn: Kaspar, Baltasar og Melkior. Det er som har den lengste reisevegen. Dei har ikkje berre tatt ei fly i nokre timer. Dei har ikkje reist dagar eller veker, det er nok månader om ikkje år dei har reist. Men kva hadde skjedd om dei heller ville nyte det gode livet i palassa sine? Det er nok ein positiv ting som hadde skjedd: Dei hadde aldri møtt Herodes og Maria, Josef og Jesusbarnet hadde ikkje trengt å flykte til Egypt rett etter fødselen og vi hadde sleppa å lese om det store barnemordet i Betlehem. Men det hadde også vert noko viktig som hadde mangla: Visemennene står for at fødselen i Betlehem ikkje berre er ei lokal hending. Dei kjem langvegsreisande fordi denne fødselen har ei meining ikkje berre for Betlehem eller det vesle landet Israel, men for heile verda. Kongen i krybba er ingen v, verdsleg herskar som skal styre eit land, men han er frelsarkongen for heile verda også for oss 2000 år seinare og langt, langt borte i Noreg. Utan kongane hadde det vel aldri nådd frem til oss. Og så minner gåvene oss: Gul for at Jesus er ein Konge med makt  utan å bruke den mot menneska, røykjelse for at han er gud sin mellommann, han opnar ein ny veg frå menneska til gud og myrra fordi han skal gjere menneska friske og gi dei eit nytt liv.

Så har vi gjetarane og dyra deira. Dei er enkle folk. Folk som jobbar nærmast døgnet rundt og som slit med å få endane til å møtast. Kva hadde vært om dei heller hadde prioritert maten frem for Jesusbarnet. Etter ein lang dag hadde dei nok trengt maten sin og om dei verkeleg skulle til Betlehem hadde det sikker vært meir naturleg om dei besøkte slekta si som dei ikkje hadde sett på fleire dagar, veker eller månader? Er det nokon som kunne ha klandra dei for det?  Men det hadde nok mangla noko om dei ikkje hadde vært der i stallen. Dei er enkle folk, dei er folket og Jesus kjem til alle ikkje berre til nokre få innvigde. Denne fødselen angår alle. Jesus blir født for alle og det er difor det er viktig at dei får opp rompa si og kjem seg til stallen. Jesus er født for oss alle dette angår alle ikkje berre spesielt interesserte. Dette angår oss. Vi er folk slik som gjetarane og også vi bør få rompa opp for å feire han og ikkje berre for maten og gåvene.

Så har vi Maria og Josef. Kva om Josef ikkje hadde tatt engelen på alvor? Kva om han hadde rømt frå Maria? Kven ville klandre han for det nor barnet i magen henna ikkje var han sitt? Ho hadde nok aldri klart å kome seg til Betlehem på eigen hand. Det hadde nok vært uvisst kva som hadde skjedd med Maria i det heile tatt? Maria er ei ugift mor. Dette er ein skandale. Kva om ho ikkje hadde tatt erkeengelen Gabriel på alvor? Ho er i ei vanskeleg situasjon. Kva om ho hadde prøvd seg på abort eller om ho hadde tatt sit eiga liv? Det hadde nok ikkje vert heilt uforståeleg. Men dei gjer ikkje det dei tar gud og engelen, guds sendebod på alvor. Dei gir han rom sjølv om det nok ikkje er enkelt. Og difor bør vi gjer det med. Vi bør gi gud rom i jula og ikkje la han drukne i alt det vi berre må gjer i jula, i maten, besøka, kosen og gåvene. Det er gud og guds som jula handla om.

Tar vi også bort Jesusbarnet er det ikkje noko att av jula. Då blir det berre ein tom fest og ingenting er meir kjedeleg enn ei tom gåveeske. Og når Jesusbarnet er borte er også frelsaren borte. Då er han borte som dør på korset på Golgata for oss. Han som ynskjer å ta vare på oss her i dette livet og utover det, då er han borte som ynskjer å vere med oss kvar einaste dag: Jesus Kristus. Så gi han rom nå i jula og kvar dag i livet. Amen