Drucken

Victoria, dronninga av England og bestemor til vår dronning Maud, gjekk ofte tur i skogen når ho på Balmoral, summerresidensen sin. Ho gjorde det i ei enkel kjole og utan at noko la merke til det. På ein av desse turane hamna ho i eit uver med nok så mykje regn. Då ho leiter etter ly oppdagar ho eit lite og einsamt hus. Ho banker på og spør kona til den gamle bonden om ho får låne eit paraply. Ho lover å passe på at paraplyen blir returnert til huset nok så fort. Den gamle kvinna visste ikkje kven som stod framfor henne og svara: ”Eg har to paraply. Den eine er heilt ny. Den gir eg sjølvsagt ikkje frå meg. Men den gamle, den kan du få.”

Så henta ho den gamle, utsletne og fillete paraplyen. Dronninga tok den gamle paraplyen og gjekk vegen heim att.  Tenk deg kor forskrekka ho vart den neste morgonen då det kom ein tenar i kongeleg uniform. Han kom for å levere att den gamle paraplyen med vennlege helsingar frå dronninga. Den gamle kvinna vart utrøysteleg over at ho hadde lånt bort den gamle fillete paraplyen.  Om ho berre hadde visst kven som stå i døra …  Ho jamra og jamra, om og om igjen: ”Om eg berre hadde visst kven ho var, hadde eg budd ho på det aller beste.”

Det er ikkje alltid vi er heilt klar over kven vi møter. Dette minner blir vi også minna på i dagens preiketekst:

Dette heilage evangeliet står skreve hjå evangelisten Johannes i det første kapitelet:

I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hos Gud.
Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til
i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.  Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.
Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.. Dei handlar om gud og om korleis ting blei til der.

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er Jesus som er ordet, det er han som er han som er lyset. Han skreik nok då han vart menneske, då han vart født som eit barn. Han var der før tida byrja. Han er guds son og gjennom han vart tida og verda skapt. Men han ville ikkje overlate menneska til seg sjølv. Gud prøvde å leie menneska gjennom sine bod, gjennom sitt ord og sine profetar. Han prøvde å leie dei til eit godt liv, men gang på gang snudde dei seg borte frå han. Dei avviste og brydde seg ikkje om han. Difor vart gud son menneske. Han vart menneske for å vere menneska nær. Jesus er lyset og han kom inn i verda. ”Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.” Jesus kjem også til oss i dag. Han kjem ennå ikkje med makt. Han kjem usynleg. Han kjem som ein av våre minste sysken. Han kjem framleis for å gjer denne verda lysare.

Klarer i å ta imot han? Klarer vi å hjelpe han. Han trenger oss. Han trenger hendene vår, føtene våre, munnane   våre. Han trenger oss. Han trenger oss for å gjøre denne verda lysare. ”Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. ”.

Men klarer mørket, klarer det mørke i denne verda, klarer kvardagen, klarer likesæle å overvinne det? Det som verkleg truer trua er likesæle. Det at trua, det at barnet i krybba ikkje lenger rører oss, det er den største faren for trua. Det er så mykje anna som er viktigare. Og Jesus skrik ikkje lenger som barn i krybba. Det er enkelt å setje han til side. Det er så mykje anna i denne verda som påstår at det er så mykje vitigare enn som verda vart til ved.

Og sjølv om det er krevjande, det er også nok så enkelt å bli glad i Jesus, ikkje berre det vesle barnet, men også han som døde på Golgata, han som gjekk gjennom død og grav for oss. Han som er oppstod for oss. Det er enkelt å ta imot han og der er så mykje å vinne på det: Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.  Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Men vi bør ta i mot han. Vi bør hjelpe han til å gjøre denne verda lysare med det vi kan og som den vi er, slik at vi slepp å jamre:  ”Om eg berre hadde visst kven han var, hadde eg budd han på det aller beste.” AMEN