Drucken

”Kor skal du i jula?” Det er ofte eg blir møt med dette spørsmålet nå i desse dagar. ”Kor skal du i jula?” Eg har det enkelt. Sjølv om det er uhøfleg så kan eg svare på dette spørsmålet med eit motspørsmål: ”Kor er det du vil ha meg?” Og klart dei fleste ynskjer at presten er i kyrkja både på jul aftan og på juledagen. Presten skal vere der uavhengig av om dei sjølv har tenkt deg ditt. Det er krevjande for familien min, men det er ei glede for meg å vere på jobb i jula. Det er ei glede å snakke om at  ”I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda ….” som det heiter i både den gamle og den nye oversettinga. Det er ei glede å leite etter ennå nye aspekt i juleevangeliet som alltid er ung og ny.

”Kor skal du i jula?” dei fleste har det nok så travelt og for nokre er det nesten ei velsigning at fergjene ikkje gå som vanleg. Det er ei gode unnskylding for at ein ikkje rekk alt på ein dag. Mange skal besøke mange eller få besøk av mange. Så det er travle dagar.

”Kor skal du i jula?” Sjølv om ingen av slekta kjem frå utlandet så er eg glad for å vere heime i jula. Eg har familien min rundt meg og det skal bli kjekt. Men eg tenkjer også på dei som skal ingen stad i jula. Eg tenkjer på dei som sitt heime åleine. Dei som kanskje er langt unna frå slekt og venner. Det er ikkje enkelt å vere åleine i jula.

”Kor skal du i jula?” I mange år var svaret mitt på dette spørsmålet at først, så skulle eg på sjukehuset, så ei tur til bestemora og så feire i lag med kona mi. Det var mange einsame som eg fekk treffe på sjukehuset i jula, men eg husker framleis kor glade dei vart når eg kom med song og med evangeliet, med bodskapen om gud som blei menneske for å vere oss nær.

”Kor skal du i jula?” Kanskje er du åleine eller du kjenner nokon som er det? Det er litt krevjande å kome i gang, men eit besøk med litt julebakst i nabolaget kostar ikkje så mykje…

”Kor skal du i jula?” Eg hadde også glede meg over å treffe fleire i kyrkja eller på bedehuset, uansett om det var på julaftan, ein av juledagane eller elles i romjula. Det er mykje som skjer : gudsteneste, bibelstafett, alternativ julefeiring, juletrefest … Kanskje klarer du til og med å oppdaga noko nytt i julebodskapen? Ingen burde vere åleine i jula og ingen burde gløyme kvifor vi feirar jul: Guds son blei menneske for å vere oss nær.