Drucken

Plutseleg var han borte. Eg hadde berre snudd meg etter eit av dei andre borna og då eg skulle sjå etter han igjen, var guten borte. Eg såg meg rundt, men han var ikkje å sjå. Eg gjekk att til bilen, men han var ikkje der heller. Eg kjente panikken krypande inn under huda mi. Eg sprang att til butikken. Heller ikkje der såg eg han med det same. Men nå måtte eg ta meg av dei andre. Og plutseleg var han der igjen i eit lite hjørne stå han tyggande i ei tørr brødskive og smilte på meg slik som om han ville si: Då må nok skjønne at eg var svolten pappa. Og då måtte eg finne meg mat!

 

Tenk kor glad eg var for at eg hadde funne han att. Guten min!

Heile episoden varte ikkje lengre enn tre minutt. Men tenk det at du må leite etter barnet i fleire timer eller dagar? Det er ei slik situasjon vi får høyre om i dagens preiketekst.

Det står skreve hjå evangelisten Lukas i det andre kapittelet:

Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Slik lyder Herrens ord

Det er ei nok så stressa og fortvila mor som kjem til tempelet. Å passe på både store guten Jesus og dei små syskena hans kan vere nok så krevjande. Han var borte i tre dagar og nå sitt han der i all fred og latar som om dette er det mest naturlege for han. Det er forståeleg at både ho Josef ikkje berre blir glade over at han er funnen, men også sinte. Og det ser ut som om dei har gløymd nesten heilt kva som skjedde over 12 år tidlegare berre eit lite stykke unna i Betlehem.

«Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Det ser ut som om dei har gløymd heilt av det at det ikkje er Josef som er faren til Jesus, men gud sjølv.  Men Jesus minner dei på det:  «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette. Ennå skjønner dei det ikkje. Templet er guds hus. Det er difor Jesus ikkje berre er heime i snekkerbua hos Josef og Maria i Nasaret, men også  i tempelet i Jerusalem.

Tempelet med paktkista symboliserar guds nærvær. Tempelet blir sett som guds bustad på jorda. Og Jesus er guds son. Difor er han heime der. Kanskje har Maria og Josef ikkje sagt det til han ennå, han er vel framleis for ung. Men Jesus er ikkje lengre barnet i krybba. Han er ikkje berre eit vanleg menneske, han er også gud son. Han er det og han veit det. Men veit vi det? Eller gløymer vi det i kvardagen slik som Maria og Josef?

Kyrkja er ikkje tempelet. Tempelet blei borte i året 70 etter Kristus og i dag er det berre vestmuren som er att. Kyrkja er ingen tempel. Gud bur ikkje her på same måte som han gjorde i tempelet. Kyrkja er ingen tempel, den er eit forsamlingslokale ikkje meir og ikkje mindre.

Og likevel er det rett og ikkje feil å leite etter gud her i kyrkja. Kyrkja er eit forsamlingslokale på same måten som synagogen var det. Og synagoge tyder å kome saman. Det er her i kyrkja vi komer saman for å feire gudsteneste. Det er her i kyrkja vi samlast i Jesu namn. Og det er difor vi kan finn gud, gud son i kyrkja. Vi kan finne han her fordi vi samlast her i hans namn. ”For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.” Matt 18,20 Jesus er her fordi vi er her. Den kristne trua treng fellesskapet. Den trenger ikkje først og fremst flotte og fine hus, men den treng stader der ein kan samlast i Jesu namn. Trua overlever ikkje i det private, den treng fellesskapet. Og det er i dette fellesskapet vi kan bli minna på at Jesus ikkje berre er eit nydeleg barn i krybba som kan ryddast bort når jula tar slutt og vi er mette av julesongar og julemat. Jesus er  så mykje meir. Han er den oppstadne, den som døde for oss på korset på Golgata og den som ynskjer å vere med oss alle dagar, så lenge verda står.