Drucken

Han husker det godt då alt som hadde vert livet hans frem til då tok slutt. På onsdag fekk han på dramatisk vis med seg at det var ein konflikt mellom foreldra sine, på måndag var dei skilte og på sundagen deretter forlott dei tenestebustaden til faren som frem til då også hadde vert heimen for han, broren og mora.

 

Ikkje alle samlivsbrodd er like dramatiske som denne, veit eg ikkje om noko samlivsbrodd som har skjedd utan sår. Nokre sårar den andre med vilje, mens andre ikkje ein gong legg merke til når dei sårar. Men nesten alltid er det sår, arr og skyld som blir att. Og ved nesten eit kvart samlivsbrodd uansett om det er ei skilsmisse eller berre to sambuarar som flyttar frå kvarandre er det også sorg. Det er ei sorg utan blomar. Og det er vanskeleg og det kostar mykje kraft å reise seg igjen etter noko slikt.

 

Men sjølv om Jesus seier: Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt. (Matt 5,28), er han også med dei som har gått gjennom noko slikt. Han er med dei og han ynskjer å møte dei det vitnar dagens preiketekst om:

Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

Jesus måtte dra gjennom Samaria, og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.

Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»

Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

Veit de kan som etter mitt syn er det mest sympatiske med Jesus i denne teksten. Det mest sympatiske for meg er at han ikkje fordømmer ho. Han ser ho og han veit kven ho er. Han ser ho, han ser heile livet henna, men han for dømmer ho ikkje. Han fordømmer ho ikkje, han ser ho og han bruker ho.

Også utan at han visste om hennar menn kunne Jesus som jøde har all grunn se ned på sen samaritanske kvinna.

Ho er ei kvinne og forholdet mellom mann og kvinne var nok langt frå det vi har her i dag.

Ho er samaritansk. Det vill si at ho høyrer med til dei som blei att etter at assyrarane i 722 e. Kr. erobra det av dei to nordlege av dei to kongedømet i landet Israel. Etter Salomo vart Israelsfolket delt på to kongedøme: Israel i nord og Juda i sør. Og det var berre kongen i Juda som herska over Jerusalem der paktkista og tempelet var. Kongane i Nord likte dårleg at folket deira reiste til Juda for å tilbe gud der. Difor oppretta dei nye tempel i nord.  Først i Bethel og Dan og seinare på fjellet Garizim. Dei tilber framleis same gud, men for dei er det berre dei 5 mosebøkane, med nokre modifikasjonar som er guds ord.

Då babyloniarane erobrar  det sørlege kongerike i 587 og størsteparten av befolkninga der blir deporterte forsvinn også tempelet i Jerusalem. Men då dei får lov til å kome att omtrent 100 år seinare liker ikkje samaritanane det og lager opprør.

Frå da av er det opent fiendskap mellom samaritanane og jødane. Jødane ser ned på samaritanane fordi openberringa deira er ufullstendig. Og likevel ventar også dei på ein Messias som skal kome. Og det gjer dei få samaritanane som er att frem til i dag.

 

Jesus hadde all grunn til å sjå ned på kvinna, men han gjer det ikkje. Tvert imot. Han ser ho. Han ser lengselen henna. Lengselen etter noko meir enn det ho prøver å finne hos menne sine. Ho tørstar etter liv og han gir ho liv. Ho har sikker gjord mykje gale, men han spør ikkje etter det, han spør etter kva ho trenger. Og det ho trenger er liv. Han gir ho eit nytt liv, ein ny start.

Jesus ser ho. Han ser ho som eitt menneske, som eit gudsbarn og han tar seg av ho. Han bruker ho, ikkje til å hente vatn men til å få bodskapen frem. Ho forkynner i bygda si og får mange til å lytte på Jesus.

Jesus møter utan å fordømme. Dei feila ein har gjord er framleis feil og sår og arr er det framleis. Men dette er ingen grunn for å ikkje kunne møte Jesus. Han ynskjer å møte alle og slik som han har bruk for kvinna har han også bruk for oss. Men det er vi som må tørre å møte han.

AMEN