Drucken

Få eg kome med eit lite indiskree spørsmål? Låste du døra før du reiste heime frå  i dag? Kvifor gjorde du det?

Kvifor har vi eigentleg eit lås i døra til huset? For å ta vare på det som er inne i huset. Det er difor det er viktig at den fungerar, sjølv om fergjene  ved alle ulempene også fungerar som ein port til øyane og som gjør at vi kan kjenne oss litt meir trygge enn kanskje folk andre plassar.

Kav er det vi ynskjer å ta vare på inne i huset? Her kunne eg ramse opp mykje: frå fotoablum, til dokumenter, datamaskin, smykkar, senga… Ein stor del av livet vårt, av eksistensen vår finn vi inne i bustaden vår.

I dag er det berre nokre få att sjølv her med oss som tener levebrødet sitt som bønder. Men dei som gjer dette må ikkje berre ta vare på heimen sin men også på dyra sine. Og det er ikkje hips og hops kva som kjem inn og ut av fjøsen når det er det som er eksistensen.

I dag er det berre nokre få att som lever direkte av landbruket. Men på Jesu tid var det dei fleste som var avhengige av dyra sine og det at dei tok godt vare på dei. Det er det vi må huske når vi høyrer dagens preiketekst:

Det står skreve hjå evangelisten Johannes i det 10. kapitelet.

Halleluja

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Halleluja

joh 10,1–10

 

Vi lever i ei tid der ein lett kan gløyme å lytte. Det er augo som tar over. Men også augo kan villeie oss. Mykje av dagens kommunikasjon skjer gjennom bilete og skrift. Bileta ser vi på TVen, på nettet, i avisene. Og det det ikkje er bilete av det står det skreve om. Men det er nok så enkelt å manipulere tekst og ikkje så mykje meir vanskeleg heller å manipulere bilete eller film.

Men når du får stemma i tillegg til bileta blir det mykje enklare å avsløre juks. Den som lytter kan sjå om det ein ser og det som blir sagt svarer saman. Og ikkje minst kan ein lytte på korleis ting blir sagt. Stemma seier mykje meir enn ord. Den kan hjelpe oss med å finne ut om det som blir sagt er truverdig eller ei. Men til det må vi lytte.

Jesus ynskjer å ta vare på oss. Han ynskjer å verne oss. Det er det dagens preiketekst handlar. Det er dei færraste i dag for det biletet Jesus bruker med ein gong: Det er vi som er sauane som det skal takast vare, sjølv om det i dag er få som klarer å identifisere seg med ei sau. Så er det Jesus: Han er porten. Han ynskjer å ta vare på oss. Han prøver å verne om oss og han prøver å halde unna alle dei som ikkje vil oss vel. Men så er det gjetaren. Han har eit oppdrag. Oppdraget han er også å ta vare på sauane. Det er han som skal gi dei mat, det er han som skal leie dei inn og ut. Det er gjetaren som skal passe på dei. Det er nok berre han som få kome gjennom porten. Men det er også andre som kjem seg inn. Dei kjemm ikkje gjennom porten, men over gjerdet. Og dei ynskjer ikkje sauane vel. Dei er røvarar og tjuvar. Og her er det sauane blir ansvarlege: Dei må kjenne røysta til den rette hyrdingen. Og det kan dei nok berre om dei verkeleg kjenner til den og ikkje berra har høyrt den ein eller to gangar i tida. Også sauane har eit ansvar eit ansvar til å lytte.

Dette ansvaret er særleg viktig i dag når vi skal prøve ut den nye gudstenesteordninga. Det er viktig å lytte i dag. Er det som blir lagd fram for dykk rett? Gjenspeglar det dette guds ord?  Klarer denne ramma å kommunisere guds ord?

Det er viktig å lytte. Ikkje berre i dag, men kanskje særleg i dag.