Drucken

I dag er det 17. mai og denne dagen er så mykje meir enn den 17 dagen i den femte månaden i året. Dette er dagen der vi feirar nasjonaldagen vår. Det er dette fantastiske landet som gud har gitt oss og det er fridomen vår vi feirar. Vi feirar. Vi det er fellesskapet. Vi dette er ikkje ei samling av individ, men eit samfunn. Vi er eit lag. Sjølv om vi har ein konge, så er det ikkje kongen eig landet og som forvaltar det, men folket, fellesskapet –vi, kvar og ein av oss, oss alle i lag.

Det er ikkje ”det offentlege”, staten eller kommunen som har ansvaret for dette landet. Det er vi som bærer landet. Det er det dagens preiketekst minne meg på:

matt 22,17–22

Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve? Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar. «Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han. «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Det er vi som må halde dette samfunnet levedyktig. Det er vi som må halde det levedyktig med innsatsen vår men også med skattepengane vår. Og strengt i denne rekkefølja. Det er vel ingen som syns at det er hyggelig å betale skatt. Heller ikkje eg gjer det. Det mange andre ting eg heller kunne tenkje meg å bruke pengane, og då tenkjer eg ikkje først og fremst på forbruk, men også på mange gode formål. Men skatten må betalast og rikdomane som gud har gitt oss med dette landet må forvaltast på ein god og ansvarleg måte. Dette landet skal vere ein god og trygg heim ikkje berre for oss, men også for dei som kjem etter oss.

Det er særleg li løpet av det siste året at vi har opplevd kor skjør denne tryggleika er. Det er frykteleg lite som må til for at vi skal miste den. Det er nok med ein mann for å sette denne tryggleiken i fare. Enn så lenge kjenner eg at Gud også i denne vanskelege situasjonen har tatt vare på både oss og landet vårt.

Ja vi elsker dette landet skal vi synge om ei lita stund. Men nasjonalsongen vår har ikkje berre eit vers den har 8 vers og tre av dei bruker vi å syngje. Og det er det som var det 7 verset og som er det andre i salmeboka som eg finn frem når eg kjenner at landet vårt er i fare eller vanskelege situasjonar:

Norske mann i hus og hytte,
takk din store Gud!
Landet ville han beskytte,
skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet,
mødrene har grett,
/: har den Herre stille lempet,
så vi vant vår rett. :/

 

Vi kan leve i den trua at vi har kontroll. Vi kan leve i den trua at vi styrer heile skjebna til landet vårt. Men kor mykje er det egentleg vi styrer? Kort mykje kontroll har vi verkeleg? Har vi lagd eit einaste fat med olje eller gass under havbunnen?

Det er gud som har skapt dette landet. Det er han som har utstyrt det med den rikomen som vi får nyte av. Han har velsigna dette landet og tatt varet på folket her. Både menneska og landet har opplevd tunge tider, fare og vanskelege situasjonar. Det er skjeldan at griper inn så tydleg alle ser det med ein gong. Men gjennom historien ” har den Herre stille lempet”. Og det gjer han framleis. Det er i alle fall slikt eg har opplevd det gjennom det siste året.

Gud er der for å ta vare på oss og landet vårt. Det er difor det er viktig at vi ikkje trur at vi styrer alt. Det er difor der er viktig at vi sjølv forstår oss som eit fellesskap. At vi engasjerer oss for dette fellesskapet og at vi inkluderar Gud i dette fellesskapet. Trua på gud høyrer med til landet, ikkje berre på 17. mai når vi synger nasjonalsongen, men særleg på denne dagen. Difor må også i framtida synge det andre verset, vi må halde fast på trua på Jesus Kristus og vi må be for landet fort. Og skal ikkje berre be om ting, vi skal også takke for landet og det syns eg vi bør gjere nå med eit ”Hipp, Hipp..”