Drucken

Har du klart å lese noko i påska? Dette her er ein bok og det er til og med ein krimbok. Men eg må nok innrømme at eg berre har lånt den. Bortsett frå kanskje Sherlok Holmes er eg nemleg ikkje noko særleg glad i krim, verken på Tv eller mellom 2 permar. På ein eller anna måte verker det på meg slik som om det er alltid det same som skjer: Det skjer eit drap og så leiter etterforskaren etter drapsmannen for å finne den til slutt. Og forskjellen mellom god og dårleg krim er ofte kor tidleg du veit kven som er drapsmannen.

Men kanskje går eg nå litt for langt. Krim er underholdning – ikkje meir og ikkje mindre. Og eg ser nok på den eine eller andre krimen på Tv med. Men det som eg opplever som spennande i krim er når dei oppdagar noko heilt anna en mordaren. Når det er slik som når ein leiter etter bilnøklane og så finn ein husnøkklane som ein trudde at ein hadde mista på ferieturen.

Det mest spennande er nok å oppdage ting som ein ikkje leita etter. Ting som ein kanskje kunne ha visst, men som likevel kjem nok så overraskande på. Og det er mykje av det påske handlar om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 28. kapitlet:

Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: "Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det." Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane.

Slik lyder Herrens ord.

Kvinnene som leiter etter Jesus grav oppdagar noko heil anna enn det dei var ute etter. Dei skulle stelle lekamen til Jesus som blei lagd i grava på langfredag i all hast. Jo, han var død så dø som det berre gjekk an. Jesus er død så dø som ein er når ein har blitt avretta. Men nå skulle dei i det minste stelle lekamen. Kanskje prata dei undervegs om korleis dei skulle kome seg forbi vaktarane.  Korleis skal ein få bort den store steinen?

Då portane til byen blir opna om morgonen er dei nokre av dei første dei første som er ute. Det er ikkje vanskeleg å finne grava som ligg nok så nær byen. Det er nok få graver der dei sett vaktare til å passe på.

Men så plutseleg blir alt heilt annleis enn dei kunne rekne med: Jorda skjelver. Ein engel velter steinen til side og vaktarane gjer det dei kunne for å kome seg unna. Engelen seier at Jesus ikkje er der. Han er oppstaden. Dette kunne dei ikkje rekne med. Dette kunne dei ikkje forvente. Dei leita etter ein lekam og treff ein som fortel om at Jesus er levande. Og kvinnene stoler på det engelen seier. Dei går ikkje inn i grava. Dei trur på at Jesus er oppstod og spring av stda for å fortelje det til læresveinane.

Mykje i denne forteljinga handlar om kjernen i den kristne trua:

Alt dette er nok ikkje enkel underhalding. Det kan være krevjande. Men det kan også gi noko. Det kan gi nye perspektiv på livet. Det kan gi nye dimensjonar i livet. Jesus er oppstod han er sanneleg oppstod og han lever. Han lever ikkje for seg sjølv men for oss. Han lever og vi skal også leve. Vi skal leve og vi skal tru på han.

Vi skal leve trua i fellesskap. Vi skal gi gud rom i livet vårt. Vi skal våge å tru.

Dette er nok ikkje underhaldning. Dette er evangeliet. Dette er den glade bodskapen om frelsaren som gav livet sitt for oss og som er stod opp for oss. Gud blei menneske for å være oss nær og han gjekk gjennom lidinga og døden inn i oppstoda for at vi skulle kunne kome til han. Men vi må gjere det. Han tvinger seg ikkje på, men ventar på at vi tar imot han.

Krimen er gløymd etter ei kort stund, men guds ord blir ståande heilt til Jesus kjem att. AMEN