Drucken

Livet blir aldri det same igjen. Dette kan eg sei etter dei tre barnefødslane som eg fekk lov til å være. Eg kunne aldri tenkje meg å være utan borna mine igjen. Men både livet etterpå og fødslane sjølv er krevjande. Dei er krevjande både mentalt og kroppsleg, for menn kanskje mest mentalt. Men barnefødsler er ein del av livet. Det høyrer med til livet at nye menneske blir født og at andre forlatar denne jorda. De fleste av dykk har vel sjølv født barn eller har vert med på det.

Men er det nokon som har vært med på når ein voksen vert født? Ikkje eg i alle fall. Eit menneske blir født som barn. "Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?"

Og med dette spørsmålet er vi allereie midt inne i dagen bibeltekst:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 3. kapitlet:

Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: "Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han." Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt." Nikodemus seier til han: "Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?" Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden."
"Korleis kan dette gå til?" spurde Nikodemus. Jesus svara: "Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen. Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv."

Slik lyder Herrens ord.

Å bli født på nytt. Korleis kan det gå seg til. Når eg høyrer dette uttrykke ser eg for meg ei stor kyrkje, ein overbevisande predikant og folk som går frem med handa i lufta. Men eg trur ikkje at det er det som ligg i det Jesus snakkar om. Å bli født på nytt er etter det eg klarer å sjå ingen eingangshandling. I motsetning til ein barnefødsel er det å bli født på nytt ein prosess som varer og som ikkje blir ferdig så lenge vi lever her på jorda.

Men begge fødslane, både det å bli født på nytt og barnefødselen har likevel ein ting i lag: Dei gir eit nytt liv. Dei gir eit  nytt liv.

Å bli født på nytt, det er å tru på Jesus. Å tru på Jesus er å bli født på nytt. I trua på den oppstadne Jesus Kristus får vi eit evig liv og eit nytt liv allereie her på jorda.

Guds rike startar ikkje først etter at vi har reist frå denne jorda eller når Jesus kjem att. Gud rike er allereie midt i blant oss. Det er her når vi møtast og når vi tru.

Men trua er ingen ting som berre er der. Så lenge vi lever har på jorda blir den utfordra. Den må levast og styrkjast. Det er difor vi må bli født på nytt kvar einaste dag. Kva dag må vi bestemme oss for å tru.

Det gamle menneske blei drukna i dåpen,  men den asen kan symje. Og di for må han druknast på nytt kvar einaste dag. Kvar dag på nytt må vi leve trua vår, vi må rette blikket mot frelsaren vår Jesus Kristus. Han som døde for oss og som er stod opp for oss.