Drucken

Då Ismail går av flyet, er verda ei einaste pose med overraskingar. Det er  puddersnø, krystallar på huda, skumring midt på dagen – han kjenner sanseinntrykk som han aldri har opplevd før.

Refleksaktig trekker Ismail hatten lengre ned over øyrene. Den høgre armen hans henger ned i dunjakka, som om den var to storleik for stor, og når han går heng det venstre beinet hans litt etter. Men i dette momentet speler slike handikap ingen rolle lengre. Det er ein ny tidsalder som nettopp starta for han. Ei ny epoke 1400 mil borte frå det som var heimen hans.

Ismail var ein god student. Han har eit mykt ansikt og eit opent smil. Og han er intelligent. Fire gongar har han lært Koranen utanboks. Han kan sitere kvar einaste av dei 114 surene . Fordi han veit så godt kva som står skrevet der  , snakkar imot venner som prøver å lokke han inn i den islamittiske militsen. Koranen gir ingen grunnlag for vilkårlege drap. Ikkje eingang mot dei som ikkje trur i det heile tatt. "Al-Shabab militsen har ingen framtid", seiar han nokre gongar. Han er framleis meir ein gut enn ein mann, og han tenkjer ikkje så mykje om det når han snakkar så opent.

Livet i Somalia er vanskeleg nok frå før. Men dagen det personlege marerittet til Ismail startar er ein måndag. Det er den første juni i 2009, og sola er allereie i ferd med å gå ned i Mogadishu. Ismail ha på seg ein mørk blå T-skjorte og svarte bukser. Det er nesten 5 om ettermiddagen. Han har nettopp komet ut frå skulegarden, då han bli stoppa av 5 menn. Han kjenner dei ikkje. Ein av dei har tildekka ansiktet sitt. Ismail får ordre om å setje seg inn i bilen.

Han hamnar i ei celle. Ingen fortel han kvifor han hamna der.  Cella, eit tidlegare lagerrom allereie opptatt. Seks fangar sitt  samankrypet på golvet.  Ali, 22, er blant dei. Ismail kjenner han. Han har spelt med i fotballaget Dahabshiil. Ismail høyrar at også Ali blei plukket opp på gata fordi han ikkje ville slutte seg til militsen. Men heller ikkje til han har nokon fortalt kvifor dei tok han bort.

Så kjem dommedagen: Dommar Ga'amey siterer Koranen. Så leser han opp tiltalen. Dei har ingen advokatar og dei får heller ikkje lov til å snakke sjølv. Ga'amey vil ikkje snakke rett, ynskjer han å statuere eit eksempel. Så snart tiltalen er opplest, ropast dommen over plassen: "Dei fire mennene har tilstått at de er skyldig i tjuveri og spionasje" : skriker han. ”Og i samsvar med lovene i sharia skal dei få kutta av høyre handa og venstre beinet.

Ei stund etterpå blir dommen utført. Ismail overlever, men han blir framleis hold som fange. Han går med på å bli sjølvmordsbombar og i siste sekund klarer han og dei fire andre å rømme til den raude halvmånen og seinare til Uganda. Der er det Noreg som tek imot han.  Han flytter til Harstad og etter alt eg veit ville han fullføre vidaregåande og byrja å studere.

Dette er ei avishistorie som vel ikkje alt for mange har lagd merke til. Men i desse dagar høyrer vi igjen om Somalia og Al-Shabab. Det er hungersnaud i Somalia og Al-Shabab nekter hjelpeorganisasjonane sort sett tilgang til dei som svelt. Sjølv der dei har mat så kjem ikkje den frem til dei som trenger det.

Det er dagens preiketekst som har fått meg til å reflektere over Somalia, ein tekst som startar med at folk svelt:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Markus i det 8. kapitlet:

Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: "Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar." "Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?" svara læresveinane. "Kor mange brød har de?" spurde Jesus. "Sju," svara dei.
Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger. Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim.

Slik lyder Herrens ord.

Det er mange flyktningar som banker på dørene i Europa, veldig mange. Det er mange krisar rundt omkring. Og det er mange som håpar på mat og eit betre liv.  Klart det er vanskeleg om ikkje umogleg å ta imot så mange, særleg når dei kjem med ei kultur og religion som er nok så forskjellig  frå vår kultur, når vi allereie slit med mindre kulturforskjell.  Men kven er det som ville ha sendt Ismail bort til eit liv som tigger i ein flyktningleir eller som sjølvmordsbombar?

Sjølv etter 22. juli har vi det framleis trygt og godt her i landet. Sjølv om nok ikkje alle kjenner same tryggleiken lengre. Vi er trygge, vi er frie og vi har nok mat på borda.

Det Jesus gjer er eit under og det er nok eit under  som må til i Somalia. Men han trenger også oss. Han trenger oss med bønene våre. Han trenger oss med lommebøkene våre og han trenger oss  med hjerta våre: Somalia er langt borte, men ein trenger ikkje å reise lengre enn til Brattvågen for å møte flyktningar frå Somalia og andre land.

Jesus gir folket det dei trenger. Han gir dei mat og viser med dette at han er guds son og at han er ein som tek vare på folket. Denne Jesus som vi  kallar herre. Det flyktningane treng for å lykkast her i landet er integrasjon og den kan ikkje skje  utan at dei kjem i kontakt med nordmenn og det er jammen ikkje så enkelt for dei. Men samstundes er det å invitere dei og å møte dei også ein mogleik til å gi dei ein erfaring av at herren vår, Jesus Kristus er meir enn ein profet, at han er guds son, ein gud som bryr seg om menneska. Og lurer du korleis du kan kome i kontakt med nokon av dei som søkjer tilflykt i Haram, berre ring til frivilligheitssentralen.

AMEN