Drucken

Kvar sundag har eg ein tekst frå bibelen som eg skal snakke om

Matt 15:32-38

Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.» Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»  «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.» Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger. Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born.

Slik lyder Herrens ord.

Nå er det ein ting eg lurer på. Kva hadde skjedd om eg nå skulle snakke om Jesus  lengre i 2 timer eller lengre – og om dette var så spennande at ingen ville gå heim att før vi var ferdig?  Er det nokon her som då hadde blitt svolten? Kva skulle vi gjøre då?

Er det nokon som har noko mat med seg? Skulle vi kanskje sjå kva vi har i skattekista?

Kva er det vi har her inne? Mjølk, poteter og nokre korn.

Er det nokon som har ein tanke om kvifor det er nettopp desse ting som ligg i skattekista? Dei er mat, og mat må vi har for å kunne overleve.

Kor kjem maten i frå?  Butikken ?

Men er nok nokon som må levere maten til butikken? Og kven er det? Lastebilen? Bonden?

Det er difor det er nettopp denne maten som hamna i skattekista: Detter er mat som bøndene kan lage her på øyane.

Trur de at det er enkelt å være bonde? Eg har tatt meg ei tur til ein bonde og spurt han lit om jobben hans:

Kva slags mat er det du lager?

Kor tidleg står du opp om morgonen?

Kvifor er du bonde?

Kva er det som må til for at du skal kunne lage god mat til oss? (blant anna god vær)

Kor mykje av dette klarer du å styre alt?

Korleis ligg du an i år?

Kva kjenner du når du er ferdig med innhaustinga til hausten? – Takk, takknemleg for at ein har klart det.

Ser du då også grunn til å takke gud?

Og når bonden som legg ned mykje innsats for å lage god mat til oss ser grunn til å takke. Då burde også vi takke . Vi burde takke gud for maten på bordet. For regnet, for sola og jorda. Og vi burde takke bøndene for den jobben dei gjer for å lage mat til oss.