Drucken

Eg håper at de har fått sikkeleg frukost i dag. Uansett kor seint eller kor tidleg den blir å droppe frukosten er ikkje noko alternativ for meg. Utan mat og drikke duger helten ikkje. Eg må ha frukost, helst med litt kristen musikk og i alle fall med bordvers.

Og så har eg ei bøn til, ei bøn som står på frukostbrettet mitt.

Gud gjev meg tålmod til å akseptere det eg ikkje klarer å forandre, gjev meg styrkje til å forandre det eg kan forandre og visdom til å skilje det eine frå det andre. AMEN

Gud gjev meg tålmod til å akseptere det eg ikkje klarer å forandre, gjev meg styrkje til å forandre det eg kan forandre og visdom til å skilje det eine frå det andre.

Nokre ting i livet hadde ein helst klart seg forutan andre er berre ubehageleg og likevel bør ein ikkje forandre på dei. Blant dei ting som eg ikkje er glad i men som eg aksepterar er lange preiketekstar slik som teksten i dag:

Preiketekst: Matt 25:31-46

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 25. kapitlet:

Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.

Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’

Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’ Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’ Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

Slik lyder Herrens ord.

Gud gjev meg tålmod til å akseptere det eg ikkje klarer å forandre, gjev meg styrkje til å forandre det eg kan forandre og visdom til å skilje det eine frå det andre.

Når ein er ung så ynskjer ein gjerne å forandre heile verda. Verda er urettferdig men alt kan forandrast,  alt skal bli nytt, annleis og mykje, mykje meir rettferdig. Når ein blir eldre blir ein vante med fleire og fleire ting. Ein innser at det er frykteleg lite ein kan forandre. Ein blir meir realistiske.

Men denne realismen  er ikkje så ufarleg heller. Faren i den er at ein fort kan akseptere alt for mange ting som uforanderlege. Men er dei det? Eller er det berre eg som har blitt late og som liker meg alt for godt i sofakroken?

Klart eg kan ikkje avskaffe all urett i verda med eit pennestrøk, men det er ting som eg kan gjere. Det er der Jesus tar tak i meg. Oppdraget hans er ikkje: Tei stille og sitt i sofakroken! Han utfordrar oss:    ” For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” Jesus trenger oss. Han trenger oss ikkje stille og tause i sofakroken men aktive. Vi skal ikkje berre høyre og snakke om nestekjærleik, vi skal leve den. Og alle kan det. Du trenger ikkje å forandre dei store ting, det er nok at du gjer det i det små. Alle kan gjer noko. Dei kan gå på besøk om det så er til eit anna rom på institusjon. Ein kan falde hendene. Ein kan sende ei helsing til nokon som ikkje forventar det. Ein kan gi til dei som trenger det. Det er mange mogleikar for mange små skritt og det er nok nesten berre fantasien som grenser.

Gud gjev meg tålmod til å akseptere det eg ikkje klarer å forandre, gjev meg styrkje til å forandre det eg kan forandre og visdom til å skilje det eine frå det andre.

Den viktigaste bøna her er kanskje den om visdom. Og visdom er noko heil anna en resignasjon og latskap. Visdom er ei hjelpande hand frå Gud til å finne ut kva som er rett i augo hans.

Dagen i dag kallast også for domsundagen. Ein dag som skal minne oss om dommedagen når Jesus kjem att. Han seier:  Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.» Men det er ikkje redsel som skal være motivasjonen vår. Ja det er sant  ingen av oss er rettferdig, vi er syndarar og vi er skyldige. Vi skal dømmast. Men heldigvis er det Jesus som er dommaren  vår, han som også er frelsaren. Vi er skyldige. Vi er ansvarlege for det vi gjer og ikkje minst for det vi ikkje gjer. Men vi har Jesus, han som tok straffa vår på seg. Han er vår frelsar og an utfordrar oss til å leve nestekjærleik.

 

Det er eit afrikansk ordtak som seier: Mange små menneske, på mange små plassar som gjer mange små ting, dei kan forandre jorda sitt ansikt. AMEN