Drucken

Har du fastelavnsbollane klare? På sundag er det fastelavnssundagen, den siste sundagen før fastetida.  I mange land feirast det no karneval . Og ordet ”karneval”, ”farvel til kjøttet”, minner på at det er fastetida startar på onsdag. I katolsk tradisjon er det etter det 7 veker med fastetid og det meinar blant anna 7 veker utan kjøtt på bordet.

Fastetida minner på dei 40 dagar Jesus var i ørkenen (Matt 4,1-11).  Det er der i ørkenen Jesus blei klar over kva som var vegen hans og han samla styrkje å kunne stå imot djevelen som ville leie han bort frå dette oppdraget. Det er til minne om denne tid i ørkenen vi skal faste i 7 veker før påske. 7 veker, dette er nok langt meir enn 40 dagar og dei er det fordi sundagane ikkje er med i fastetida. Sundagen er unntaket. Sundagen er dagen som minner på oppstoda.

Faste er ei tid for refleksjon, bøn, åndelig fornying , reinsande prosess, bot  med meir. Faste er ei tid der ein skal gjøre fleire av ressursane sine fri for gud. Før i tida gjekk det mykje ressursar til å skaffe det daglege brødet, til å skaffe mat. Det var difor der, ved maten ein måtte byrja om ein skulle få meir tid og meir ressursar for gud.

Verda har nok forandra seg sidan denne gongen. Maten kjøper vi i butikken og sjølv om den kanskje koste litt meir enn i andre land er det framleis ein nok så liten del av inntekta vi bruker på det. Det er så lite at mange bønder slit med å få endane til å møtast.

Det er nok andre ting vi bruker mykje meir energi og ressursar på. Det er nok ikkje på kjøkkenet, men kor er det tida går? Er det facebook, dataspel, fotball, TV, alkohol, sjokolade …  Eg veit ikkje kor du har utfordringane dine. Men hadde det vert ein tanke å gi avkall på noko   av dette til fordel for gud, eller berre for å sjekke kor avhengig du verkeleg er av det. Er du ikkje avhengige av det då skulle det vel ikkje koste alt for mykje å klare seg utan dette i 7 veker? Kanskje kunne ein til og med gjøre eit unntak på sundagane?  Eller er du redde for at du er så avhengige at du ikkje klarer det? Då bør du gjøre noko med det uansett.

Uansett kva du gjer. Bruk fastetida! Bruk fastetida for deg sjølv og for gud!

Michael Hoffmann