Drucken

Kven er du? Du er eit menneske. Du er eit menneske med eit namn og ei historie. Kven er du for dine? Er du eit barn til foreldra dine? Er du ei mor eller ein far? Er du ei bestemor eller ein bestefar? Er du kanskje til og med ei oldemor eller ein oldefar? Er du tante eller onkel for nokon?

Kven er du? Kven er du for gud? Som prest kan eg trygd sei at du er eit gudsbarn. Du er elska av gud. Han skapa deg i mors liv. Han kjenner kvart hår på hovudet ditt og er uendeleg glad i deg. Det er i Jesus gud vart menneske for å vere deg nær, men kven er Jesus for deg?

Er Jesus barnet i krybba? Er han mannen på bilete på bedehuset eller på alteret i kyrkja? Er han den vesle kroppen som heng påeit lite krusifiks i stua eller rundt halsen? Er han redninsankeret som du bruker når du har prøvd alt anna? Kven er Jesus?

Jesus Kan vere alt dette. Men Jesus Kristus er først og fremst guds son, han som vi skal høyre på. Dette vitnar også dagens preiketekst om:

 

2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»

Mark 9,2-13

Jesus er menneskesonen. Han er guds son er frelsaren. Men er han relevant? Er han relevant for deg og dei rundt deg? Eller er han berre ein del av kulturen rundt deg? Er han som ei gamal bok som støver til på bokhyller, slik som det går med mange biblar? Er han eit gamalt minnesmerke som held på å gro att? Kven er han for deg?

Jesus er guds son og du er eit gudsbarn. Jesus er min bror. Jesus er min bror som ynskjer å leve i lag med meg. Han ynskjer at eg lyttar på han. Han nøyer seg ikkje med at eg ringer han når livet skrantar. Jesus ynskjer å vere med meg. Han vil vandre i lag med meg. Men det er eg som må gi han husly hos meg. Det kan fort skje at huset mitt er opptatt. Eg er optatt. Det er så mykje som må gjerast og eg gidder ikkje ennå meir. Eg gidder ikkje å rydde plass.

Ikkje for å lage dårleg samvett. Men det lønner seg å rydde. Det lønner seg å rydde plass for Jesus. I dag er det det han som trenger oss. Han trenger oss ikkje til å bygge hytter på fjellet, men han trenger oss til å be. Han trenger oss med gåvene våre. Det er gjennom oss han skal fremje sitt rike her på jorda. Han trenger oss der vi er, som den vi er og med dei gåvene, dei emnar som vi har fått.

Jesus er guds son og difor skal vi lytte på han og gi litt av oss. Vi skal gi litt av oss for han som har gitt heile seg. Det var for oss Jesus tok på seg all spott og hån. Det var for oss han tålte allle psikeslag. Det var for oss han bar krossen. Det er for oss han lidde. Det er for oss han døde på Golgata. Og det for oss Jesus er oppstod. Jesus lever og difor skal vi leve. Vi skal leve for frelsaren vår. AMEN