Drucken

I dag er det konfirmasjon. Ordet konfirmasjon tyder stadfesting og konfirmasjonen skal vere ei stadfesting av den kristne trua. I nesten eit år fekk eg vere i lag med ei flott gjeng.  Og det er difor står her i dag både glade og likevel med ei tåre i augo. Glad fordi eg fekk vere med denne gjengen og trist fordi eg er heilt klar over at eg ikkje kjem til å sjå desse ungdomane like ofte nå lengre. Men eg håper at det ikkje går slik som prestane og flaggermusane:

Tre prester har alle saman det same problemet: Flaggermus i kyrkja. Både dei og kyrkjene er  verna. Men korleis, det s å bli kvitt dei da når dei forstyrrar samlingane? Den eine har likevel prøvd å skyte på dei, men dei var for fort og det einaste resultatet vart att taket ikkje var tett lengre. Men flaggermusa kom att. Den andre har prøvd å jage dei borte med forskjellig lukt, men det var berre kyrkjelyden som blei borte av heile lukta. Då fortel den tredje: ”Eg har klart det! Eg har fanga dei, konfirmert dei og aldri sett dei igjen.”

Eg håper ikkje at denne gjengen blir borte. Eg håper å sjå dei att. Eg håper at dei kjem til kyrkja til både dåp og gravferd og meir enn det. Eg håper at dei ikkje berre har ein tru. Eg håper at dei har ein tru som kan vokse og som de kan leve. Trua på den levande er ikkje noko som ei kom konfirmantbibel som ein kan plassere på bokhylla og som vi kan hente frem og puste støv av når ein kjenner behov for det. Å tru, det er å rekne med. Å tru på den treeinige gud, de meiner å rekne med han. Det meiner å rekne med han ikkje som ein eventualitet, men som ein realitet.

Det å tru på gud det meiner å rekne med han. Det meinar ikkje at alt går knirkefritt. Det meiner å rekne med gud og av og til meiner det ikkje berre å krangle med gud, men til å med å kjempe med han. Ein viktig tekst for med er Jakobs kamp med gud ved Jabbok.

Den står skreve i 1 Mosebok i det 32. kapitelet :

1 Mos 32 , 24-29 Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa. Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.» Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

Jakob kjemper med gud. Dette er ikkje enkelt. Jakob får varige skader, men han gir ikkje opp. Han gir ikkje opp før gud lover å ta vare på han. ”Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.” Det er det eg vill ikkje berre konfirmantane skal gjøre, men alle dei som er her i dag. Uansett kva som skjer: ikkje slepp han! Krangel med han! Mas på han! Snakk med han! Men ikkje slepp han. Ikkje slepp han sjølv om livet skulle bli vanskeleg.

Gud er glad i deg. I Jesus Kristus gjekk han sjølv gjennom lidinga og døden. Han gjorde det for meg. Han gjorde det for deg. Han gjorde det for å ta vare på oss her i dette livet og utover det. Han gjorde det fordi vi ikkje skulle sleppe han.

Han ynskjer at vi skal leve den kristne trua. Og det fungerar ikkje berre i dette stille, men berre i fellesskapet. Han ynskjer at vi skal leve trua, men det er vi sjølve som må bestemme oss for det. Konfirmasjonen er ingen avslutting men berre eit første steg på denne vegen. AMEN