Drucken

I dag er det Skjærtorsdag. Dagen då Jesus feira nattverd i lag med læresveinane sine. Dagen då han sa at vi skulle feire nattverd. De fleste kjenner teksten for denne dagen.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 22. kapitlet:

Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.

Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!» Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Slik lyder det heilage evangeliet.

luk 22,14–23

Det må ha vert ei rar stemning under dette måltidet. Det er ikkje første gang dei feirar pesah i lag og ennå er det ingen som har sagt at dette skal bil siste gong. Det er ingen som har sagt det men det er vel to som veit det. Den eine Judas Iskariot og den andre er Jesus sjølv. Det er difor det ligg ei spenning i lufta.

Eg kan tenkje meg at Jesus ikkje akkurat er avslappa. Han veit kva som ligg framom han. Han veit om lidinga og døden som ventar på han. Dette er siste gong han får vere i fred med alle dei tolv læresveinane sine. Dette blir eit avskjedsmåltid. Tida ser kanskje nærmast ut til å stå stille.

Måltida nærmarar seg slutten. Jesus veit om lidinga og døden, om sviket  og alt, men han veit også om oppstoda. Jesus tar eit brød, takker, bryter det og seier: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» etterpå tar han kalken og seier: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk. ».  Med dette innsett han nattverden. Han gjer dette ikkje som ei premie for læresveinane sine. Han gjer dette for å styrkje dei og for å innlemme dei. I nattverden får læresveinane del i Jesu liding og død og dei får del i oppstoda.

Også vi er inviterte til nattverden. Nattverden er ei gåve, ingen premie. Du trenger ikkje å vere 110% kristen for å kunne møte Jesus. Du kan møte han slik som du er, med din og din vantru, med heile deg. Nattverden er ei gåve. Det er ei gåve som vi kan ta i mot eller som vi kan avslå. Det er med denne gåva Jesus ynskjer å styrkje oss i trua. Det er med denne gåve han vil innlemme oss ikkje berre i lidinga og døden, men også i oppstoda.

Jesus døde for oss og han er oppstod for oss. Han vil gi oss eit evig liv utover dette livet her på jorda. Det er det som er lovnaden som ligg i nattverden. Vi er inviterte, men det er også vi som må tåle å møte den oppstadne   Jesus  Kristus.