Drucken

Kva er det påske handlar om? Om ein tar ein titt på programmet til NRK så ser det ut slik som om valet står mellom Krim, NM i hytteliv eller ein matfestival. Var det noko som mangla?  I alle fall ikkje om ein tar fjernsynsprogrammet for handa. Men dette her er live og de er her så tydelegvis fins det folk som meiner at det er noko som NRK har gløymd. Men kva er det, det var? Riktig, det var noko som skjedde for omtrent 2000 år sidan. Noko som folk framleis husker, men som kanskje forstyrrar påskekosen og som i alle fall ikkje er viktig nok til å bli sendt på fjernsynet i påska.

Likevel er de her og vil høyre om det som skjedde i påska for 2000 år sidan. Nokre som vil høyre om det som står i Matteusevangeliet i det siste det 28. kapittelet :

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»

Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» (matt 28,1–10)

Slik lyder det heilage evangeliet.

Jesus Kristus er oppstod. Han lever. Han døde på korset. Han blei gravlagd. Men han blei ikkje liggande i grava. Han blei ikkje liggande i grava. Han er guds son. Han sigra over døden. Han sigra over døden for oss. Det er det påske handlar om.

Jesus Kristus er oppstod. Han er oppstod for oss. Dette er ikkje berre ei oldegamal historie. Dette er aktuelt og dette angår oss. Dette angår oss fordi Jesus gjorde dette ikkje for sin eigen del, men for oss.

På skjertorsdag innstifta Jesus nattverden  og på langfredag gjekk han på via dolorosa gjennom lidinga opp til døden på korset. Han gjorde det ikkje for sin eigen del. Han var uskyldig . Han måtte heller ikkje bevise noko for seg sjølv eller for andre. Han er gud son. Han måtte ikkje bevise dette for verken seg sjølv eller for oss.

Men det er for oss Jesus gjekk gjennom lidinga og døden. Han gjorde det for oss. Han gjorde det for å forandre noko for oss. Jesu Kristi oppstode det er det den kristne trua handlar om. Påske er ingen Krimbok, ingen NM i hytteliv og ingen matfestival heller. Og heldigvis er det ikkje TV-programmet  som bestemmer kva påske handlar om. Jesus er oppstod. Han er sanneleg oppstod. Han er oppstod for å gjøre ein forskjell for oss. Jesus Kristus er oppstod. Han har sigra over døden. Vegen til gud er open. Døden her på jorda trenger ikkje å vere ein sluttpunkt lengre. For dei som trur på Jesus er døden heller ein port. Porten til eit evig liv. Porten til gud. Og denne porten er open.

Jesus Kristus er oppstod. Han er sanneleg oppstod. Dette meiner ikkje at alt livet blir enkelt. Dette meiner ikkje at gud oppfyller alle ynskja våre. Og likevel gjer dette ein forskjell også i livet her på jorda. Jesus Kristus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Dette kan gi livet eit nytt perspektiv. Vi har ingen død gud eller ein gud som sitter ein eller anna plass bak i kulissane. Fordi Jesus Kristus er oppstod har vi ein levande gud. Ein gud som ikkje vernar oss mot alt vondt. Ein gud som kan få oss til å bli sinte på  han  fordi så mykje i denne verda som er heilt uforståeleg og som er vondt. Ein gud som likevel veit kva det meiner å det vondt. Vi har ein gud som har greie på liding og som ynskjer å vere med oss. Jesus Kristus er oppstod fordi gud ynskjer å vere med oss i godt og vondt, her i dette livet og utover det. Her er med oss om vi slepp han til. Han er oppstod, han er sanneleg oppstod. Det er det påske handlar om. God påske! AMEN