Drucken

Eg kjenner meg litt svolten. – Korleis går det med dokke? Er de mette eller svoltne? Kvifor treng vi eigentleg mat? Kva skjer når vi ikkje får mat?

Kva mat er du liker best? Kva er maten du skal ha når det er fest?

Men er maten det aller viktigaste når du skal ha fest? Eller er det ting som er viktigare? Kva kan det være? – Hovudpersonen? Gjestane? Gåver? – Gåver er nok ikkje det aller viktigaste. Eg trur nok at hovudpersonen og gjestane er mykje viktigare. Men også maten og gåvene hører gjerne med til festen.

I dag er det gudsteneste. Også Gudstenesta skal være ein fest. Og kven trur de er hovudpersonen for denne festen? Det er i alle fall ikkje eg. Det er gud. Gudstenesta er ein fest, der vi feirar gud, Gud som møter oss i Jesus Kristus. Det er Jesus som er hovud personen, når vi feirar gudsteneste. Det er Jesus som inviterar oss, på gudsteneste. Det er han som kallar oss til å møte han. Han sender ikkje ut invitasjonskort, han ber oss berre heilt enkelt om å kome når det er gudsteneste. Og av og til som bruker han likevel menneske til å hjelpe han med å sende ut noko eller med å setje opp plakatar.  Og det er i alle fall kjekt at så mange kunne kome i dag for å feire han. Eg trur han gler seg over det. Han tvinger oss ikkje til å kome, men han gler seg når vi kjem. Jesus ynskjer å være i lag med oss.

Og når vi kjem til festen hans ynskjer han å gi oss mat. Han ynskjer å gi oss næring for trua vår. Er det nokon som kunne tenkje seg korleis vi kan få næring for trua?

Det er særleg to ting som skal gi oss næring for trua. Om det eine seier Jesus sjølv: Matt 4,4 ” ”Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.” – Vi skal høyre guds ord. Vi skal høyre det som gud fortel oss om seg sjølv i Bibelen. Vi skal særleg høyre om Jesus. Kva fortelingar kan dokke om Jesus? Det er viktig at vi veit om Gud, difor bruker vi ei spesiell bibel som Dåpsskulebok.

Men det er ein ting som også er viktig, at vi tør å møte Jesus. Nor dokke blir bedt på ein fest, og så kjem hovudpersonen, tør dokke då å møte han eller ho? Stoler på at vedkomande ynskjer å møte dykk når han først har bedt dykk om kome? Eller spør dokke først om dokke er verdige?

Jesus ynskjer å møtte oss i nattverden. Han kan ikkje møte oss her ansikt til ansikt, men han ynskjer å møte oss. Eg forstår ikkje korleis han faktisk kan møte meg i brød og vin, men eg har opplevd at han kan. Og det er mykje i trua som ikkje er å forstå. Men vi er bedt om å møte Jesus nattverden. Vi er invitert til å møte Jesus i nattverden: Oppfordringa frå Lukas 22: 19-20 Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. Gjer dette til minne om meg! Denne utfordringa gjeld oss. Den gjeld alle som er døypte, men særleg dei som kan gå sjølv og ikkje minst seksåringane som har sin store dag i dag.

Jesus ynskjer å møte oss. Han ynskjer å ta vare på oss, men han er ikkje den som tvinger seg på. Han er slik som den beste storebroren som alltid er der når vi trenger han, og som også er glad i syskena sine.

AMEN