Drucken

Det er kanskje nokre som har undra seg kvifor vi har syngje ein julesong nå. Nå då jula endeleg skulle være slutt. Men eg må nok innrømme at eg hadde eit poeng då eg tok ut denne salmen. Riktig nok ligg poenget først og fremst i det siste verset, men det hadde vært litt lite å syngje berre eit vers.

Treeinig Gud, vi lovar deg,
vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja!

 

 

Då Jesus blei født, då han døde, blei korsfesta, stod opp og for opp til himmelen fekk dei som trudde på han ei ufordring: Den treeinige gud. Ein gud, ikkje tre gudar, men tre personar. Og korleis forheld dei seg til kvarandre. I løpet av dei første hundreår etter Jesu oppstoda skapa dette mykje splitting i kyrkja før ein i 451 klarte å samle seg nokolunde om ei truvedkjenning:

 

M: Vi trur på éin Gud,

den allmektige Far,
som har skapt himmelen og jorda,
alt synleg og usynleg.

 

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus,
Guds einborne Son,
fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, lys av lys,
sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt,
av same vesen som Faderen.
Ved han er alt skapt.
For oss menneske og til vår frelse
steig han ned frå himmelen.
Ved Den Heilage Ande og av Maria møy
vart han menneske av kjøt og blod.
Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,
leid og vart gravlagd,
stod opp tredje dagen etter Skrifte-ne
og fór opp til himmelen,
sit ved Faderens høgre hand,
skal kome att i herlegdom
og døme levande og døde.
Hans rike skal vere utan ende.

 

Vi trur på Den Heilage Ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen (og Sonen),
blir tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen
og har talt gjennom profetane.
Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje.
Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene
og ser fram til oppstoda av dei døde
og eit liv i den komande verda.
Amen.

 

Den er lang og ikkje så enkelt å forstå heller,  det er ikkje utan grunn at konfirmantane føretrekk å lære den apostoliske truvedkjenninga. Men også denne nikenske har grunnlaget i bibelen, blant anna i dagens preiketekst.

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 17. kapitlet:

Jesus såg opp mot himmelen og sa: Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til. Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.

Slik lyder Herrens ord.

 

I Jesus Kristus er gud son blitt menneske. Til jul vart han menneske. Men gud son vart til før tida, før verda vart skapt, gud son vart til i ei anna røynd. ”Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.” I Jesus Kristus  var ein del av den treeinige gud menneske for å være oss nær. Dette er vanskeleg å forstå. Det er ikkje utan grunn at muezzinen  som roper frå mosken ved sidan av sjømannskyrkja i Dubai meiner: ” … din Jesus er ingen Gud! – En gud må være perfekt. Jesus var ikke  perfekt. Han var et menneske. Han måtte jo spise – og så måtte han jo gå på do. Gud må ikke på do.”

 

Men sjølv om det er vanskeleg å forstå Jesus Kristus er gud. I han blei den treeinige gud menneske. Ein treeinig gud dette kan ikkje forklarast med ord, litt enklare med symbol.  Tre kanten er eit symbol for den treeinige gud.  Tre forskjellige sider, men ein trekant. Tre personar, men ein gud. Og i midten av trekanten er auget. Auget som har fokus på oss. Gud har fokus på oss. Han ynskjer å ta vare på oss. Det var difor Gud son vart menneske. Gud ville ta vare på oss. Han ville være oss nær og han ville opne ein ny veg inn til guds rike, inn til det evige livet.

Jesus har makt over menneska, han er gud son, han er den allmektige gud. Men han tvinga ingen til å tru på han. Han ber oss om å tru på han. Han ber oss ikkje om å spekulere om forholdet mellom personane i den treeinige gud. Han ber oss om å tru han ber oss tru på han. Han ber oss om å bry oss om ein gud som bryr seg om oss.

Han brydde seg om oss då han gav avkall på herlegdommen sin for å være menneske og for og gå gjennom lidinga og døden for oss. Men han er også oppstod og for opp att i herlegdomen sin. Og han kallar oss til seg. Han kallar oss til å følgja etter han inn i denne herlegdomen, inn i guds rike. Ta imot sanninga fult ut: Tru på den treeinige gud. Tru på den heilage ande, tru på gud fader og tru på Jesus Kristus!

AMEN