Eg er glad for at det er nokre som har funne vegen hitt i dag. Tenk deg at du ber folk på ein fest. Du har lagd mykje arbeid i det og nå er tida inne. Maten er klar klokkeslette er inne, men det er ingen som dukkar opp. Du skjekker innbedinga – klokkeslettet er korrekt og du er 100 % sikker på at dei veit om det. Du går ut for å sjekke om nokon er på veg. Men det er ikkje ei einaste sjel å sjå. Dette er vennane dine. Så du ringer til dei, men kvar og ein dei har ei god unnskyldning. Korleis kjennes det? Kva skulle du har gjord med all den gode maten som du har laga. Korleis ville det kjennast neste gong nokon av dei var bedne spurde deg om noko?

Dagens preiketekst fortel om ei liknande situasjon.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 14. kapitlet:

Jesus sa: «Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: 'Kom, for no er alt ferdig!' Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: 'Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.' Ein annan sa: 'Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.' Endå ein annan sa: 'Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.' Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart herren i huset sint og sa til han: 'Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.' Tenaren kom att og sa: 'Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.' Då sa herren til tenaren: 'Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.'»

Slik lyder Herrens ord.

Tenk deg at det er preike – ein fest for gud. Lysene er tente, klokka ringer og organisten sitt på orgelkrakken men ingen møter opp. Organisten tør ikkje å starte opp og presten går ut på vegen får å sjå om nokon er på veg. Men det er ingen å sjå. Han sjekkar plakaten. Jo da det skal være gudsteneste, han sjekkar plakatane på handelslaget: Det er ikkje noko stort arrangement som elles er på gang på øya. Det er berre ingen som møter opp. Han tør ikkje å ringe til nokon – han skal jo ikkje presse nokon. Men kva skal han gjer?

 

Heldigvis har eg  aldri opplevd dette. I alle fall ikkje her på Fjørtofta, men eg hadde nok eit par gudsteneste, der vi ikkje var langt unna dette. Men vi har aldri avlyst ein gudsteneste  Det skal nå være ein teneste for gud. Men gudstenesta skal også være ein fest.

Vi skal feire gudsteneste og bortsett frå ei romantisk bryllaupsdagsfeiring er det den beste festen eg veit ein fest med mange folk som eg er glad i. Gud er glad i oss. Han er utroleg glad i oss. Ikkje alt vi gjer er bra og kan forsvarast, men gud er glad i oss. Han er glad i oss uansett kva vi gjer og kor vi er, berre vi kjem att til han. Han ventar på oss slik som ein god far. Og meir enn det. Det er han som har gitt oss livet, det er han som har skapt den vakre naturen rundt oss og det er han som sørgjer for at vi har noko å ete kvar dag. Han er så utroleg glad i oss. Han er glad i oss fordi vi er borna hans. Og han ber oss til fest han ber oss til fest kvar gong det er preike. Og festbordet er dekka der framme på Herrens bord  på alteret.

Ok, klart, etter 2000 år med kyrkje historie, 2000 år etter skjærtorsdag er det ikkje mykje som er att som liknar på eit festmåltid lengre. Oblat og det her som blir kalla for vin er ikkje akkurat delikatesser eller god husmannskost. Men det er ikkje det som tel. Det som tel er kven som ynskjer å møte oss der. Det er Gud, han som er så utroleg glad i oss som ynskjer å møte oss der. Han ynskjer å møte oss der fordi han er glad i oss. Han er glad i oss. Han er glad i deg og han ynskjer å møte deg uansett om du er aktiv bedehuskristen eller om du berre så vidt har klart å ta vare på barnetrua i livets stormar.  Du er verdig. Du er døypt. Du er guds barn. Han er glad i oss. Eg har brukt 7 år med studietid for å skjønne noko av mysteriet i nattverden, men det var ein liten gut som denne gangen var 3 år  som har gitt eit glimt av det. Etter at han hadde vært til nattverd her på Fjørtofta snakka han om kvelden om korleis det var då ”han fekk Jesus”, der han møte han. Det tok ei stund før det gjekk opp for meg at han snakka om nattverden. For han var det eit møte med Jesus. Ikkje meir og ikkje mindre. Det ligg som mykje i det: ”Den som ikkje tek i mot guds rike som eit lite bar skal ikkje koma inn i det.”

Kom til fest bordet! Ta imot nattverden, møt gud for han vil møte deg. Guds kjærleik er ikkje til å forstå. Den er berre til å ta imot.

Den som tenkjer for mykje kan gjer det for vanskeleg for seg sjølv.

AMEN