Drucken

Eg liker å ha barn. Det kan være krevjande, men det er først og fremst gøy. Eg liker å følgje med, med det dei gjer. Av og til så leiker eg i lag med dei, men det er ikkje alle leikane som høver seg lengre når ein er godt over 30 og kroppen er tyngre og ikkje lengre like smidig. Men det minner meg likevel om barndommen når eg for eksempel ser dei klatrande i eit tre. Og av og til lurer dei meg med til å prøve både det eine og det andre og slik kan det likevel hende at ein kan finne ein voksen mann oppe i eit tre. Men det er eit skjeldent syn både i dag og det var det for 2000 år sidan.

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 19. kapitlet:

Jesus kom til Jeriko og fór gjennom byen. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster. Då sprang han i førevegen og kleiv opp i eit morbærtre, så han kunne få sjå han, for der laut han koma framom. Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: "Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus." Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Alle som såg det, murra og sa: "Han tek inn hjå ein syndig mann." Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: "Herre, helvta av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg firdobbelt att." Då sa Jesus: "I dag er frelse komen til dette huset. For han òg er ein Abrahams son, og Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det."

Slik lyder Herrens ord.

Det sitt ein mann i eit tre. Han leiker ikkje og treet står ikkje avsides, men ved inngangen av byen.  Mannen som sitt i treet sitt ikkje der for å leike. Han er ein av dei minst populære i byen. Han har kjøpt seg retten til å krevje inn toll av all trafikk som skal gjennom Jeriko og opp til Jerusalem og andre vegen. Og han tar så mykje som  han berre kan få. Vi klager allereie over dei skattane som vi må betale, men dei er i alle fall nokolunde ordna. Han derimot kunne krevje så mykje som han meinte var passande.  Han er ein liten mann og det er viktig for han å bli sett. Og det er viktig for han å sjå. Det er viktig for han å sjå Jesus. Mannen som skal forandre livet til overtollaren Sakkeus.

Og Jesus som kjem til byen. Han veit at Sakkeus sitt der oppe i treet. Han veit kven Sakkeus er og at han er der for å sjå Jesus. Han veit også kva folket rundt tenkjer om Sakkeus, om røvaren med lisens som pressar dei for pengar. Jesus veit kva slags mann Sakkeus  er, man han ser også kvifor sakkeus er der oppe i treet. Han er der for å få vite kven Jesus er.

Jesus ser Sakkeus. Han bryr seg ikkje om kva folkemengda meinar, han ser ikkje overtollaren, han ser menneske Sakkeus. "Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus." Sjølv om mengda murrar: Jesus skal møte denne mannen. Og dette møte skal forandre livet til Sakkeus totalt. I starten høyrar vi at han var svært rik. I slutten av forteljinga er nok ein fattig mann. I alle fall om han gjer alvor med o betale att det han tok for mykje og å gi rikdomen sin til dei fattige. Han blir fattig, men han blir også fri.

Også vi er velståande, vi er rike. Vi har meir enn vi strengt tatt trengar. Men alt desse eigendelane  våre blir også til ein fengsel for oss. Lån må betalast, straum må betalast, eg må halde med i samfunnet og tida berre raser av garde. Det blir meir og meir vanskeleg å finne plass for gud. Sakkeus gjer eit radikalt skritt. Han gjer seg fri.

Mange av oss blei døypt som barn.   Vi er guds barn, vi trenger ikkje det radikale skrittet slik som Sakkeus. Men vi trenger mange små skritt. Skritt i den rette retninga.  Det er viktig at vi ikkje gløymer å sjå Jesus. At vi ikkje gløymer han når vi skapar oss nye rikdomar, at vi spør oss kva desse rikdomane krev av oss. Om dei fører oss nærmare til Jesus eller lengre borte frå han. At vi våger gå litt ut av kvardagen for å få eit betre oversyn over situasjonen og at vi får att blikket for Jesus.

AMEN