Drucken

Har de telt etter? I dag er det presis 315 / 329 dagar, til de skal arrangere konfirmasjon. Konfirmasjonen er ei stor hending i livet til ein ungdom. Og eg gler meg på ei ny gjeng med konfirmantar.

I år er det 470 år sidan konfirmasjon sidan konfirmasjon blei innført  i 1539 og den blei påbod med lov i 1736. Det er den ikkje lengre. Heldigvis! Dei siste 97 sidan 1912 har det vært ingen som verkeleg blei tvungen til å konfirmere seg. Men heldigvis er det framleis mange som melder seg på til konfirmasjon.

 

Men kva er eigentleg konfirmasjon? Ordet konfirmasjon kjem av det latinske confirmare, «å styrkje, å stadfeste». Då konfirmasjonen blei innført etter reformasjonen var den tenkt som ei  stadfesting av dåpsløftet og sidan konfirmanten måtte vite kva han eller ho skulle stadfeste, så måtte dei  opplærast i det. Dette var starten til folkeskulen.

Mykje har forandra seg sidan denne gongen.: Konfirmantane slepp å sei noko høgt i konfirmasjonsgudstenesta, ingen skal være redde for å kjenne seg uthengt i overhøringa, det blir leirturar med meir. Men konfirmasjonen finns framleis.

Og heldigvis finns det framleis konfirmantar som ynskjer å bli konfirmerte, sjølv om motivasjonen til dei kan være nok så forskjelleg. Eg veit at pengane er ein viktig del av motivasjonen for mange, men eg håper at den ikkje er den einaste. Eg håper at det også finns andre motivasjonar enn berre pengane. Eg håper at også det å bli rikare på kunnskap om trua og ikkje minst det å bli styrkja i tura kan være ein del av motivasjonen.

Pengar styrar mykje i denne verda, og grådigheita, det å ha berre meir og meir rikdom som mål kan opne avgrunn.

Men det er ikkje alt ein kan kjøpe med pengar og rikdom. Ekte kjærleik kan ikkje betalast. Og ingen kan kjøpe seg ein einaste dag til livet sitt. Er det nokon av dokke som husker summen de fekk då dei var konfirmantar? Men de huskar kven de blei konfirmert i lag med?

Det finns ting som er så mykje viktigare enn pengar, det minner dagens preiketekst oss om:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 12. kapitlet:

Ein i folkehopen sa til Jesus: "Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!" Men Jesus svara: "Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?" Så sa han til dei alle: "Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje."


Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt, og han tenkte med seg: "Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!" Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?" Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Slik lyder Herrens ord.

 

Å samle seg skattar i Guds rike har nok ei ulempe: I motsetning til dei jordiske skattar som vi kan samle her i denne røynda går det ikkje an å telje dei. Ein kan ikkje telje dei og ein kan ikkje samanlikne dei. Det blir vanskeleg å seie ”Eg har meir og du har mindre” . Det er berre gud som kjenner skattane våre i himmelen og heldigvis er ikkje han den som saman liknar alt. Kor mykje ufred har vi her på jorda fordi vi må har meir, meir enn dei andre. Klart, vi skal prøve vårt beste etter mogleikane og gåvene våre. Det ber lov og det er bra å være flinke. Men vi blir ikkje betre fordi vi er flinkare enn andre. I alle fall ikkje hos gud. Han gler seg  når vi lever etter hans vilje, når vi samlar skattar i himmelen, men han er glad i alle borna sine.

Han er glad i alle borna sine. Han er glad i dei snille og dei mindre snille, dei unge og dei eldre. Og det er vi som er guds barn. Han ynskjer å gi oss noko meir enn berre pengar. Vi skal ikkje jage etter pengar, vi skal leve! Vi skal leve som myndige truande etter guds vilje. Og kva dette kan meine håper eg at eg klarer å lære bort noko om og kanskje får også eg lære noko om dette av konfirmantane.  Trua blir aldri ferdig, men eg gler meg på å gå eit stykke i trua i lag med ei ny gjeng konfirmantar.

AMEN