Drucken

Preiketekst: Joh 8:2-11 (NT2005)

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 8. kapitlet:

Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Slik lyder Herrens ord.

 

Dette er dagens preiketekst. Det er ikkje eg som har peika ut denne teksten, men kyrkjerådet.   Teksten fortel om ei kvinne som blir tatt i ekteskapsbrot. Folk står rundt ho og peiker på ho. Dette er ein skandale i Jesus tid. Ho skal steinast, ho skal drepast! Dette er ein skandale i Jesus tid! Men i dag?

Ingen skandale. Mange gifter seg nok ikkje i det heile tatt. Nei, dett er ikkje ei sak som vekker like sterke reaksjonar lengre.  I dag kan ein gifte seg eller ei, ein kan bu saman og skilje lag nesten utan at nokon som helst reagerer på dette.  Det blir kanskje litt småprating om det, men det er ingen som peiker med fingeren lengre i slike saker.

I andre saker derimot er ein mykje fortare framme med peikefingeren:  For temmeleg nøyaktig tre veker sidan mista vi noko av det mest kostbare, som vi har her ute. Vi mista eit av borna våre, ein ungdom på 18 år. Etterpå var det mange som peika på ungdomane og eit påstod rånemiljø blant dei. Det var mange som meir eller mindre opent peika på ungdomane. Har du lagd merke til det: Når du bruker peikefingeren til å peike på nokon, då er det ein finger som peiker på den andre, men det er minst tre fingre som peiker på deg sjølv!

«Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» seier Jesus. Kven av oss vaksne er utan synd? Kjører vi berre edru? Forhåpentlegvis dei aller fleste! Men korleis er det med bilbelte og fartsgrensa?  Oftast har vi gode unnskyldingar: Mangel på tid, eller ei ferje som vi skal rekke? Men kor gode er desse unnskyldingane når vi står att med ei kiste? Eg er ikkje blant dei som kan kast den første steinen. Før eg kan peike på ungdomane, må eg feie for mi eiga dør. Eg er slurve med bilbelte når eg er på øyane og eg kjører for fort når eg skal rekke noko. Og eg gløymer borna som eg har i baksete. Eg gløymer at det er frå meg at dei lærer kjørekulturen. Det frå foreldra borna lærar korleis ein skal oppføre seg i trafikken. Det er i baksete dei lærer haldingane om bilbeltebruk, fartsgrenser, aggressiv eller defensiv kjøring. Det er frå meg dei lærer.

Eg tviler på om det finns eit rånemiljø blant ungdomane. Om det finns eit rånemiljø så er det mykje, mykje større enn ungdomane. Kanskje er eg sjølv ein del av dette miljøet? Det hjelper ikkje å peike på andre. Eg må starte hos meg sjølv.  Eg må leggje om kjørestilen min før eg peiker på andre.  Og heldigvis kan eg det. Det blir ikkje enkelt, men det går an. Det går an, så lenge eg lever: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!» seier Jesus. Eg skal ikkje døme nokon, eg skal feie for mi eiga dør, Men Jesus seier ikkje: ”Det du gjer er i orden! ” Han seier:  ”Gå bort og synd ikkje meir!” Så eg bør nok skjerpe meg.

Det er borna og ungdomane som er mest utsett i trafikken fordi dei har minst erfaring. Og det går ikkje an å forandre trafikkulturen mot dei det går berre an å gjer det med dei. Det hjelper ikkje med overvaking, det må skje noko med holdningane både hos dei godt vaksne og hos ungdomane.  Og heldigvis det er mange gode holdningar blant ungdomane. Desse må styrkjast, for dei er der ofte til tross for det dei opplever i trafikken. Dei gode holdningane må styrkjast og den beste måten å gjer dette på er ikkje det å døme, men det å være eit godt eksempel : «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!».

AMEN