Drucken

Han er tidleg oppe denne morgonen. Det er seint på hausten. Det bles og det er kaldt. Om nokre få dagar blir han 34. Han frys, men han bryr seg ikkje noko særleg om det. Han har eit mål. Han skal til kyrkja. Han skal være der før folket kjem. Og det er mykje papir han har med seg. Papir som ikkje berre dei lærede slik som prester og professorane, kollegane hans, skal snakke om, men som folket skal snakke om: 95 kritiske tesar om tilstanden i kyrkja, ei kyrkje som har komet bort frå evangeliet, ei kyrkje som  må reformerast. Og folk kjem til å snakke om det og meir enn det.

 

Med sine tesar sett han fyr på eit bål som skal brenne heilt til Noreg: Mannen er Martin Luther. Ein bruker å sei at med teseoppslaget hans den 31.10. 2010 sluttar mellomalderen og starta nytida i historia.

Martin Luther var ein mann som kjempa med gud og kyrkja og som ikkje kunne teie då han såg korleis ting var og korleis dei burde være etter  guds ord.

Og det gudsordet,  det heilage evangeliet eg har til dykk i dag, det står skrive hos evangelisten Matteus i det 7. kapitlet:

Jesus sa: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.

Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller ein orm når han bed om fisk? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.

Slik lyder Herrens ord.

 

Nå nokon banker på døra den 31. oktober om kvelden så er det i dag skjeldent at det er ein kristen bror eller ei syster som står framom døra, men heller barn. Med utkledd som spøkelse og med  ord som ”Søt eller surt” prøver  dei å skremme til  seg godteri. Dei feirar Halloween eller det av det som har blitt selt til dei.

Ordet Halloween kjem frå All Hallows’ Even, Helgemesseaften, og den gamle datoen for helgemessedagen er dagen etterpå,  den 1. november. Denne dagen feirar framleis mange kyrkjesamfunn sine heilage og martyrar. Halloweenferiringa er ingen norsk skikk, men  kjem frå Storbritannia og USA. Det er først dei siste åra den har blitt eksportert til Europa og til Noreg.  Halloweenfeiringa derimot er ikkje kristen, den bygger på eldre, ofte heidenske skikkar, gjerne knytta til den keltiske høgtida samhain..

Til halloween knytt ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attgangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Opphavleg brukte ein kålrot eller nepe til dette. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween.

Eg liker ikkje Halloweenferinga og hos meg er det heller ikkje noko å få denne kvelden. For meg er dagen reformasjonsdagen. Dagen som minner om teseoppslaget til Martin Luther. Og det viktigaste Luther kom ut med, er kanskje det at nettopp ikkje er ein skremmande, men ein nådig gud. Ein gud som møter oss slik som ein god far, streng, konsekvent, men først og fremst med nåde. Vi er guds born. Han er vår himmelske far og han ynskjer ikkje å skremme oss, men å ta vare på oss:

Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller ein orm når han bed om fisk? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!