Drucken

Er det noko du er redde for å miste? Kva er det du er redde for å miste? Bamser, nøkkler, penger Eg for min del bruker i alle fall til tider til å ta ein dobbeltsjekk på visse ting: Lommebok, bil- og husnøklane, jobb-nøklane, preika og mobilen – alt er på plass. Det er kjekt å ha desse ting med og det kan lett bli eit styr om noko av dette er borte.  Kor mykje er desse tinga eigenleg for meg. Alt dette fin i grunn plass i ei bukse eller i ei veske og er dei borte så kan ein leite. Og sjølv om ein ikkje skulle finne dei att, det går an å erstatte dei. Det blir krøll og styr å erstatte dei, men det går an.

Nor eg tenkjer meg om er det andre ting som eg er verkeleg redde, og som ikkje kan erstattast. Veit dokke kva eg tenkjer på? Desse ting finn ikkje plass i ei lomme eller veske, men eg eg tenkjer meg om så er eg nok ganske redde for å miste dei: Det er familien min: Borna mine og kona mi. Eg har eit bilete av dei med meg. Det kan være krevjande med dei av og til, men noko av det verste eg veit er tanken på at eg kunne miste dei. Ingenting kan erstatte dei. Pengar, mobiltelefon, nøklar … alt dette meinar ingenting samanlikna med dei. Ingen kan snu att tida med eit einaste sekund ..

Og så fins det også ting som er viktig som ein kan miste og som det et ikkje går an å ta bilete av. Noko av dette handlar dagens preiketekst om:

Det står skrive i Brevet til hebrearane i det 3. kapitlet:

Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud. Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda. For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.

Slik lyder Herrens ord.

Teksten advarar mot at vi ikkje skal falle frå trua. Vi skal ikkje miste trua på den levande Gud. Trua er noko som kan mistast, trua er noko som kan bli borte. Det hender at folk blir sinte på gud etter ei sterk oppleving. Ei plutseleg hending kan gjer at dei kranglar med han. Men det er skjeldent at folk mister plutseleg, etter ei dramatisk hending, for ofte får ein også oppleve guds nærvær i alt det kaotiske og dramatiske.

Når trua blir borte, forsvinn den som ofte  litt etter litt. Mange seier at dei har trua si. Men går det an å berre ha trua? Er trua noko som ein kan ha i ei lomme, slik som lommeboka eller mobilen? Noko som vi hentar frem når vi kjenner behov for det, men som ikkje forstyrrar livet utover dette? Eller er trua på den levande gud så mykje meir enn det?

Gud er så mykje meir enn ein mobiltelefon. Det går ikkje an å fatte han med hovudet vårt og det går ikkje an å finne plass til han i lomma heller. Gud er så mykje meir enn det. Og trua på han er ei drivkraft, noko som gjer noko med livet vårt.

Men denne krafta kjem ikkje av seg sjølv, den må pleiast, den må stellast. Vi bruker mykje tid på å stelle og på å halde vedlike både oss sjølve, heimane og bilane våre. Men steller vi trua vår? Held vi vedlike det som gir oss eit perspektiv utover livet i denne røynda?

Kva skjer om vi mister trua på den levande gud? Mister vi då også lovnaden? Gjeld ikkje Joh 3:16  - For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  – Eg liker ikkje å sei det, men det er nok slik: Vi må nok rekne med at dei som har mista heile trua på den levande gud, ikkje trur går tapt. Eg snakkar ikkje om helvete, men om ein evig død. Eg skal ikkje snakke meir om det heller, eg vill heller snakke om det evige livet, eit liv utan noko vondt, eit liv i Guds rike.

Men til dette tren vi trua på Jesus Kristus, trua på den levande gud. Og denne trua er ikkje noko som ein berre kan ha – borte i lomma eller i bokhylla, eller kor det måtte være. Denne trua er noko som må levast, som må haldast vedlike med at ein bruker den. Trua overlev ikkje einsam i lomma eller i kammerset. Trua treng fellesskapet, fellesskap med gud og med andre som trur. Det er difor det finns gudsteneste, det er difor vi feirar nattverd, det er difor vi har sundagskule, bibeltime, osv.

Men alt dette må brukast. Og det er ikkje alltid dei store ting som må til. Korleis hadde det vært med eit ”Takk” eller ”Hjelp!” til gud? Kunne ein kanskje sei ja til invitasjonen til nattverden? Korleis hadde det vært å gå på gudsteneste sjølv om ein ikkje må? – Berre for moro. Ingen skal bli skremt til trua, det er mykje viktigare at vi lever trua og vi held trua på den levande gud levande. AMEN