Drucken

Deilig er den himmel blå,
lyst det er å se derpå,
hvor de gylne stjerner blinker,
hvor de smiler, hvor de vinker
/:oss fra jorden opp til seg.:/

Har du i det siste funnet tid til å sjå opp til himmelen? Det var mange stjerneklare netter i det siste og rikeleg anledning til å studere den i det siste. Men gjer vi det?
Songen er ein julesong og før Jesus blei født, var det folk som såg opp til himmelen. Vi veit i alle fall om tre vise menn som klarte å tyda dei teikn som dei såg på himmelen. Dei klarte å finne vegen til gud som hadde kome ned frå himmelen på jorda som eit lite barn.

Men gud skal ikkje nøye seg med å kome synleg til røynda vår ein gong, han skal kome att. Han skal kome att, det venter vi på sidan han reiste på himmelfartsdagen. Det var tydelege teikn på himmelen då Jesus blei født som eit lite barn. Når han kjem att i herlegdom skal teikna ikkje berre på himmelen være tydelege.  Det fortel også dagens preiketekst om:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 21. kapitlet:

Jesus sa: Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.
Så fortalde han dei ei likning: Sjå på fikentreet og alle andre tre. Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Slik lyder Herrens ord.

Kva veit de om stjernene? Eg sjølv hadde i skulen eit fag som vi berre hadde i tiande klasse: Astronomi. Ordet er gresk og tyder så mykje som ”stjernelova”. Vi fekk lære mykje om stjernene, planetane, korleis dei beveger seg og mykje meir. Men astronomien har også ei stevsyster: astrologien som også kjem frå gresk ”ord om stjernene” og den hevdar at det finst samband mellom plasseringar mellom solsystemets planetar, sola og månen og hendingar i menneskas liv. Eg vil kalla astrologi for ein pseudovitskap. For å sei det rett ut: Eg syns ikkje noko om horoskopa som ein kan lese om i aviser og blad. Stjerneteikn som dei baserer seg på har lite å gjer med det vi ser på himmelen, men mykje med fantasien til dei som skriv dei. Stjernehimmelen klarer ikkje å styre det daglege livet vårt. Likevel kan det skje teikn på himmelen som kan gjer mykje med livet vårt:

Til vanleg følgjer stjernene og al i denne røynda naturlovane, sjølv om vi er langt i frå kjenne alle av dei. Det berolegende å vite at dei gjer det. Men når han som skapa denne røynda kjem att, då gjeld ikkje desse lovane lengre. Jesus Kristus er gud son. Og det er gud som laga naturlovane som månen og stjernene og han kan også forandre på dei. Dei vil ikkje gjelde for han når han kjem. Når han kjem vil dei ikkje gjelde for han og difor vil det være mogleg å sjå tydelege teikn på himmelen og på jorda. ”lyft hovudet”  seier Jesus. Vi trenger ikkje å være redde, dei som trur på den levande gud trenger ikkje å være redde. Dei kan stole på at Jesus vil ta vare på dei når han kjem att: Joh 3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Og han seier: Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Jesus lova at han skal kome att. Og han skal kome att. Gud er den som skapa både tid og rom og han er ikkje bundne av dei. Kanskje er det difor at vi allereie venter så pass lenge på at han skal kome att i herlegdom. Men han skal kome att. Han skal kome att og vi skal være førebudd på det. Vi skal samlast i hans namn, vi skal halde kontakt med han, vi skal syngje og vi skal be. Det er det advent handlar om. Den handlar om at vi skal gjere oss klare til at Herren kjem att. Advent kjem ikkje frå å vente, men frå latin Adventus (Redemptoris), '(Frelsaren sitt) komme'. AMEN