Drucken

Eg sitt her ved krybba og eigentleg så burde eg syngje ein song til det.

 

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos ikveld,

og tusunde barnehender

mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens frelsar

som barn i ein vesal stall.

 

Han låg der med høy til pute,

og gret på si ringe seng,

men englane song der ute

på Betlehems aude eng.

 

Der song dei for fyrste gongen

ved natt over Davids by,

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny.

 

Songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt.

um barnet, Guds son og sonar

som myrkret for evigt batt.

 

Det er lektoren og diktaren Jakob Sande skreiv  teksten til denne songen  midt på sommaren 1931, og den kom på trykk i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen "Julekveld".  Jakob Sande sette ikkje dette diktet særleg høgt. Då Lars Søraas d.y. tok kontakt med han i 1948, då han ville bruke det i songboka si, hadde Sande gløymt at han hadde skrive noko juledikt. Songen gjenspeglar  ei julestemning. Stemninga som har utgangspunktet sitt i det som skjedde i Betlehem:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 2. kapitlet:

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: "Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe." Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har hugnad i!

Slik lyder Herrens ord.

 

Jakob Sande klarer å veve det som skjedde i jula denne gongen saman med dagens julestemming, med det skjer i jula i dag: Songen og himmelsongen, borna og barnet.

I jula blei gud menneske. Han blei født som barnet Jesus i Betlehem. Gud blei menneske ikkje som ein stor og mektig konge, men som eit lite barn. Gud blei menneske for å være menneska nær. Dette innhaldet i jula er det same jorda rundt. Dette innhaldet er der for alle som framleis vi høyre det. Det er der for alle som vil halde fast på trua og som vil ha meir innhald i jula enn kjøpepress, handlerekordar og nokre  fridagar.

Innhaldet i jula er den same for alle som framleis vil ha ein kristen jul – jorda rundt. Men både tradisjonane og mogleikane til å feire jul er nok så forskjellige: Vi har råd til god mat, til fest og til gåver. Men det er langt i frå alle som har det slikt. Kor mange må feire jula i løyndom, fordi dei ikkje kan leve tru på guds son opent? Kor mange born får ingen gåver fordi foreldra ikkje ein gong har råd til mat? Kor mange må feire jul med tom mage?

Det lyser i stille grender jorda rundt, men ikkje alle har det så godt som oss. Og dette bør formane oss til måtehald. Vi burde ikkje bruke alt det vi kan bruke, vi burde ikkje ete alt vi rek å ete.

I Jesus blei gud menneske for oss alle – rike og fattige og difor burde vi bruke denne kvelden også til å dele. Vi burde bruke den til å dele den med alle dei som ikkje har det så godt. Vi burde bruke den til å dele med dei som skjule trua si og med dei som svelt.

 

Gud blei menneske for alle menneskeborn for oss alle, ikkje berre dei rike. Han blei menneske for både kongane og gjetarane. Gud blei menneske både for dei som alltid har budd i landet og for flyktningane. I jula blei Jesus født og gud blei menneske for å være oss alle nær. Han ynskjer å være oss nære om slepp han til.