Drucken

«Frå kvar etter evner, til kvar etter behov.» slik definerer filosofen Karl Marx rettferd. Rettferd er eit ord som ikkje blir brukt alt for skjeldent i desse dagar. Og det er nok litt av kvart som folk kan leggje i dette ordet.  Men kva er dei eigenleg ordet rettferd  tyder?

Kant forsøkte seg på den der med sitt "moralske imperativ". Altså det å leve og handle som om kvar handling man gjør skulle være ein eviggyldig definisjon av det moralsk sanne og korrekte.

Litt enklare kunne ein sikkert formulere med å være i samsvar med lov og moral, upartisk.  Og det er krevjande nok. Bortsett frå dei som lager lover  er vel heller ingen av klarer å halde dei alle. Når vi husker stortingpensjonistane – så er det vel heller ikkje all dei som lager lovene som klarer å halde dei. Og så spørs det kva lov ein skal leve etter ? Både menneska si lov og lova frå gud?

Men uansett om det er det eine eller det andre, eg kjenner ingen menneske som klarer å leve heilt og fylt etter lova – verken lova frå gud eller menneska. Ingen bortsett frå Jesus. Ingen av oss klarer å være heilt rettferdig. Vi skal prøve å leve rettferdig. Men ingen av oss klarer å leve etter lovane og forskriftene ikkje minst fordi dei ofte også står i motsetning til kvarandre. Og ingen av oss klarer å leve heilt og fullt etter guds lov og guds vilje heller. Mange prøver og får det ikkje til og ennå fleire prøver ikkje ein gong. Vi klarer ikkje å leve rettferdig overfor gud. Ingen av oss klarer dette.

Det er berre ein som både har laga lovane og som klarer å leve heilt etter dei: Gud sjølv, som vi kan møte i Gud son, Jesus Kristus. Og det ser ut som om Karl Marx henta definisjonen sin for kva rettferd er frå han: «Frå kvar etter evner, til kvar etter behov.»

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 20. kapitlet:

Jesus sa: Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. Han sa til dei: "Gå bort i vingarden, de òg. Så skal de få det som rett er." Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: "Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?" "Fordi ingen har leigt oss," svara dei. Då sa han: "Gå bort i vingarden, de òg."
Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: "Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste." Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden og sa: "Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!" Han sa til ein av dei: "Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar? Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god?" Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.

Slik lyder Herrens ord.

Det som ser ut til å være rett for menneska trenger ikkje å være rett for gud. Det er vel rett at den som jobba lengre får meir lønn – eller? – ”Kvar etter behov?”

Vi veit sjølve at ikkje alt vi gjer er rett. Det er mange ting vi gjer sjølv om vi veit det ikkje er rett. For å ta nokre få enkle eksempel: Alt for ofte gjer barnet mitt meg merksam på at eg er litt over fartsgrensa. Eg er først i gang med å venne meg til å bruke bilbelte også på småturar her ute på øyane. Eg har småjuksa både den eine og den andre gangen. Og så er det dei tinga som kanskje er rett sett frå ståstaden min, men som ikkje er rett sett frå gud. Litt frå Bergpreika:

Matt 6:19-20

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel.  [20] Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

Matt 7:1

Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!

Eller frå Lukasevangeliet:

Luk 6:29

Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller.

Nei: Sjølv om vi prøver vårt beste. Vi klarer ikkje å leve eit rettferdig liv.

Likevel så ser gud på oss som rettferdige.  Han ser på oss som rettferdige ikkje fordi vi har klart å leve rettferdig, men av nåde, fordi vi er borna hans.

Kvar etter behov - Det vi behøver er nåde. Nåde. Guds nåde. Vi er rettferdige. Vi er rettferdige ikkje pga. av det vi gjer, men av nåde. Vi er rettferdige av nåde. Gud er nådig mot borna sine. Gud er nådig. Alle dei som trur kan, dei kjenne seg trygge i guds nåde. Dei kan vite seg trygge i guds hand og gud ynskjer å ta vare. Han ynskjer å ta vare på både dei som trur på han og som han kallar frå denne jorda  og dei som trur som er att. Dei som trur på han tek han vare på.

Han tek vare på dei. Dette meinar ikkje at livet blir enkelt og fri for smerte og sår, men det meinar at vi ikkje er åleine opp i alt dette. Han er med oss og han vernar oss ikkje mot alt men mot det som verkeleg kunne skade oss. Gud er nådig mot oss , det er difor vi er rettferdige til tross for livet vårt. Gud er nådig, difor berar han oss over i rike sitt inn i eit evig liv.

Kvar etter behov – og det vi behøver er guds nåde. Og denne nåden er ei gåve. Ei gåve som vi kan ta i mot. Og denne gåva seier ikkje at alt er tillate. Det som er urett for gud, det er framleis urett og det skal ein heller ikkje bortforklare. Men alt er tilgjevne – av nåde.

AMEN