Drucken

Brødet

Fritt etter Gianni Rodari

Om eg hadde vært baker, hadde det ikkje vært nød,
Fordi for heile verda ville eg bake eit kjempestort brød.

Brødet skulle skinne som sola så gull,
Og lufta skulle vere av godlukta full.

Og det skulle gi næring, til fattig og rik, til gamal og ung.
Denne dagen måtte ingen mage bli tom.

Dette ville vere ein store dag, som ingen gløyme kan
”Dagen utan  svolt” – Den beste dagen på jorda -  Gjekk det an?

 

Svolt – heldigvis er dette ei kjensle som nesten ingen her veit lengre kva det verkeleg er for noko. Klart vi kjenner til matlyst, klart vi kjenner på at blodsukkeret er lavt, eller at det romlar i magen. – Men er det svolt? Er det ekte svolt? Er det svolt som kan få deg til å gjer kva som helst for berre eit lite stykke brød? Eit stykke brød eller litt vatn som du berre må ha for å kunne overleve?

I barndomen min i Libya var det mangel på matvarer og eg fekk ei ide om kav det kunne være kjenne på svolt. Men også denne gongen fant vi alltid nok å ete, sjølv om kvaliteten av og til var litt sånn som så. Og det er vel ingen her som må svelte, sjølv om det er nok menneske der ut i verda som ber ”Gi oss i dag vårt daglege brød.” og der desse orda er mykje meir aktuelt enn dei er for oss. Vi lever i overflod og i grunn også i luksus. Vi har mykje meir enn vi trenger.

 

Sjølv om Jesus levde synleg her på jorda i ei anna tid: Etter alt vi veit var tilgang til mat ikkje noko problem for han. Likevel  fekk svolten utfordre han sikkeleg. Det handlar dagens preiketekst om:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 4. kapitlet (Preiketekst: Matt 4:1-11):

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. Då kom freistaren til han og sa: "Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!" Jesus svara: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn."
Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: "Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein."

Men Jesus svara: "Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve."
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa: "Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg." Då sa Jesus til han: "Gå frå meg, Satan! For det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena."

Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

Slik lyder Herrens ord.

 

Jesus går ut i ørkenen. Han faster i 40 dagar og 40 netter. Han gjer dette for å utsetje seg for freistingane frå djevelen. Jesus gjer dette for å kome i møte med det som kan stå imot guds vilje, for å kome i møte med det som kan hindre han i å gå og fullføre denne vegen som han skulle gå for oss.

Og sjølv om ingen av oss går ut i ørkenen i  40 dagar svara som Jesus gir til djevelen rører også ved freistingar som kan møte oss: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn." Det er andre ord som skrik høgare enn guds ord. Guds ord er heller stille, det krev at ein lyttar. Det er krevjande. Andre ting er enklare å fordøye. Men guds ord går liksom ikkje unna som kveitebrød. Og likevel trenger vi det. Vi trenger guds ord fordi det gjennom dette ordet gud leiar oss.  Han leiar oss om vi tillet det om vi ikkje er alt for mette, om vi framleis klarer å ta imot guds ord.

"Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve." Gud ynskjer å ta vare på oss og han ynskjer å hjelpe oss, men han gjer det på si måte og ofte ikkje slik som vi forventar det. Men kor ofte er det vi utfordrar gud? Kor ofte er det vi gjer ting som vi veit er gale?

”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Kven er det vi tilber. Kva er det som er viktig i livet vårt? Kva styrer livet vårt? Kva er det som han hindre oss i det å bruke tida og energien vår for gud?

Dei fleste av oss har mykje meir enn vi strengt tatt trenger. Vi har ressursar som gud kunne bruke, men som han ikkje får tak i, fordi vi held fast på dei.

På onsdag starta fastetida. Fastetida er ei tid for åndeleg fornying, bøn og ettertanke, ei tid til å styrkje trua, ei tid til å førebu påske.

Vi er i fastetida, ei tid for åndeleg fornying, bøn og ettertanke, ei tid til å styrkje trua, ei tid til å førebu påske. Å faste det meinte i gamle dagar ofte å gi avkall på mat. Også i dag meiner faste å gi avkall på noko til fordel for gud. I dag trenger ikkje dette å være mat, det kan også være alkohol, eller dataspel, nettsurfing, handleturar … det er ikkje så viktig kva du gir avkall på men at du gir avkall på noko til fordel for gud. Og han treng tida vår, det mest kostbare vi har i dag.

Fastetida  varer i 40 dagar,  7 veker unntatt sundagar. 40 dagar som skal styrkje trua vår, 40 dagar som skal minne oss om dei dagane Jesus var ute i øydemarka . Han klarte å stå imot alle freistingar. Han valte ikkje det behaglege livet. Han valte å gå den tungen vegen. Han gjekk denne vegen for oss. Han gjekk vegen for at vår veg til gud skulle være open.

Eg kjenner freistingane mine og eg skal prøve å møte dei i denne fastetida. Eg kjenner ikkje utfordringane dine, men eg kan anbefale å bruke faste ida, å bruke den til å stå imot freistingar og på nytt rydde plass til gud. AMEN