Drucken

Preiketekst: Luk 1:26-38

 

Tenk deg at du har ei jente. Det er ikkje så lenge sidan ho gjekk for presten. No ryktast det at ho har funne seg ein kjæraste. Dei to er forelska, dei snakkar om ei framtid i lag og til og med om å gifte seg. Litt for tidleg kanskje, men dei gjer det og det er nok berre ein gong dei er ungdomar. Plutseleg ein kjem ho heim og er gravid. Dette er ikkje planlagd, verken for deg eller for ho. Dette er krise og til alt overmål er det heller ikkje kjærasten som er barnefaren. Kva kjem han til å gjere? Dette er krise. Dette er krise i dag og dette var ei krise før i tida. Likevel er dagen i dag ein festdag, ein festdag midt i fastetida. Ein dag der vi feirar at ei jente for 2000 år sidan vart gravid og der kjærasten ikkje var barnefaren.

Det er ni månader før jul at vi feirar Maria bodskapsdag og preiketeksten til denne dagen står skrive før juleevangeliet hos evangelisten Lukas i det 1. kapitlet:

 

Då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davidsætta. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir født,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Slik lyder Herrens ord.

 

«Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» slik stiller Maria seg til disposisjon for gud. Eg tviler på at ho klarer å sjå konsekvensane av det ho gjer. Eg tviler at ho ser føre seg alt det ho må gjennom, eg tviler på at ho klarer å sjå seg sjølv 30 år seinare under krossen på Golgata. Men ho gjer det.

«Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» - Maria gir seg heilt og fullt i guds hand.  Ho stoler på han og ho vil tene han med alt ho er. Ho stiller ingen krav ho gir seg i guds han med alt ho er. Maria er ennå ikkje godt voksen. Ho er ein ungdom, ein ungdom utan utdanning, ein ungdom som kanskje berre så vidt kan lese og skrive. Ho er ikkje ”godt voksen” ho spør ikkje etter konsekvensane. Ho er ei enkel jente som gir seg i guds han med heile seg.

«Sjå, eg er ein tenar for Herren. Lat det gå meg som du har sagt.» Dette er imponerande. Eg kunne ikkje ha sagt i ein slik situasjon. Hovudet mitt står i vegen. Eg hadde ikkje klart det ho klarer. Det eg kunne klare var kanskje å støtte ho, å hjelpe ho med det eg kan.  Maria trengte støtte å hjelp for å kunne føde barnet og ho trengte støtte og hjelp for at Jesus kunne bli den unge mannen som samla seg læresveinar og som gjekk vegen til Jerusalem. Og det er godt at ho fekk den støtta, det var godt at gud fant folk som han kunne bruke slik at Jesus kunne fullføre vegen for oss.  Slik at Jesus Kristus kunne bli frelsaren vår.

Maria hamna i ei vanskeleg situasjon, men gud klarte å finne folk som han kunne bruke for å hjelpe henne. Også i dag er det både barn, ungdomar og vaksne som hamnar i vanskelege situasjonar. Dei møter utfordringar som er større enn det dei kan bære. Kanskje dei trenger eit fosterheim, ei open dør, ei reservebestemor eller nokon som lyttar på dei og som ber dei. Og gud trenger oss for å hjelpe dei. Han trenger oss som den vi er og der vi her.

Matt 10:42

Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein ­ sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.

AMEN