Drucken

Går du på grøn eller raudt? Kva er du kjenner når du ser dette skiltet? Kjenner du deg heilt trygge?

Eg er vakst opp i grensetraktene mellom to land. Det var ingen mangel på uniformerte og etter kvart kunne vi godt skilje mellom dei forskjellige uniformene. Det første som fants var vanleg politi, bygdepolitimannen på sin moped. Så var det grensepolitiet som vanlegvis var på tur med motorsyklar og seinare med bil. Så var det tollvesenet i gråe uniformer og dei hadde alltid bil. Det vanlege politiet sorterte inn under innanriksministaren først i republikken og seinare i delstaten. Grensepolitiet sorterte først inn under forsvarsdepartementet og seinare under innariksministaren i Berlin. Berre tollarane, dei hørte alltid inn under finansdepartementet. Tollarane, det er finanspolitiet.

Hos oss møter vi tollarane først og fremst ved grensene og det dei er ute etter bortsett frå å stanse ulovlege ting, det er å krevje in skattar og avgiftar på ting som vi tar med oss inn til landet. Hos oss har dei klare reglar om kva som er lov og kav som er forbode. Det fins takstar slik at du kan rekne ut nøyaktig kor mykje du skal betale. Men slik er det nok ikkje alle plassar og slik har det heller ikkje alltid vært. Og det er sikkert den eine eller andre her som har litt å fortelje om kva ein kan oppleve med tollarane på flyplassar, grenseovergonger og hamner rundt omkring i verda.

På Jesu tid var det slik at grunn og hovudskatten det tok staten seg sjølv av. Men retten til å krevje inn toll ved grensene og marknadsplassar blei auksjonert bort. Momsen var i privat hand. Den som då fekk retten til å ta inn toll tok det difor ikkje så nøye med tolltariffen men kravde det han måte ha for betale auksjonen og mest mogleg utover det for å kunne leve godt. Og ein kunne til og med tilsetje folk som undertollarar slik at ein kunne være sikker på at ingen sneik seg under.

Det er vel sjølvsagt at tollarane i ikkje var godt likt blant folket. Dei hadde eit rykte på seg om krevje inn tollen vilkårleg og å være havesjuke. Dei var ikkje gode borgarar og kunne blant anna ikkje vitne i retten. Men også dei var jødar og skjedde nok at den eine eller andre av dei fant vegen til tempelet, slik som Jesus fortel i likninga som er dagens preiketekst.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 18. kapitlet:

Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:

«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp for seg sjølv og bad slik: 'Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.' Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: 'Gud, ver meg syndar nådig!'

Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

Slik lyder Herrens ord.

Også hos oss finns det folk som det kan være vanskeleg å akseptere som ”gode borgarar”. Dei er nok ikkje tollarar, dei har kanskje heller problem med noko av det som tollarane er ute etter eller det er andre utfordringar som dei sliter med. Men dette er ingen grunn til å sjå ned på dei. Dette er ingen grunn til å bli sjølvgode. Vi er menneske, vi er menneske med feil. Eg kjenner mange av feilane mine og dei fleste kjenner feilane sine. Ingen av oss er perfekte, vi er syndarar. Men dette er ingen unnskyldning. Eg er guds barn og eg skulle leve etter guds vilje. Men eg klarer det ikkje. Sjølv med all kraft og med all god vilje: Eg klarer det ikkje. Eg er ein synder og slik som tollaren er også eg avhengig av guds nåde.

Eg er guds barn på lik linje med alle andre og på lik linje er eg avhengig av guds nåde. Eg er avhengig av at gud møter meg som far og ikkje som dommar.

Og gud er nådig mot oss. Han er nådig. Det som er feil er framleis feil. Syndene er tilgjevne ikkje tillate. Vi har ingen krav overfor gud. Og likevel er vi rettferdige. Vi er rettferdige overfor. Vi er rettferdige ikkje fordi vi sjølv kunne har gjord noko gjord noko. Vi er rettferdige av nåde og vi er rettferdige gud son Jesus Kristus ofra seg sjølv for oss. Vi er rettferdige fordi Gud er nådig og fordi han sende sonen sin Jesus Kristus. Vi er rettferdige fordi Jesus tok på seg skylda vår og fordi han døde på korset på Golgata. Han gjorde det for oss. Han gjorde det av nåde.

Vi alle trenger guds nåde og det er   difor også vi skal møte kvarandre med nåde. Vi skal ikkje møte feilane til den andre men vi skal møte kvarandre med nåde. Vi skal møte kvarandre som søsken, som søsken som tar vare på kvarandre og som ikkje fordømmer kvarandre.

AMEN