Beitragsseiten

5.3.          Gravferd

Med al-Khidmat[63] fins det eit muslimsk gravferdsbyrå som tilbyr hjelp ved muslimsk gravferd i forskjellige deler av landet og dei har også laga ei lita brosjyre om ”Døden i islam” som kan lastast ned frå heimesida deira. [64] Enkelte stader er det også andre gravferdsbyrå[65] som kan tilby ei muslimsk gravferd. Også utdanningsdirektoratet har eit ark med informasjon  om muslimsk gravferd[66]. Men det er nok ikkje alle muslimar som praktiserer trua si heller og det kan difor også kome spørsmål om ei heilt enkel gravfred eller ei gravferd frå kyrkja.[67]

Muslimar skal helst gravleggjast innan 24 timer og i alle fall så raskt  etter dødsfallet som det let seg gjøre, men det kan også vere snakk om å gravleggje avdøde i heimlandet.

Så snart som råd skal ein også gjere opp for gjelda til den avdøde[68]. Dette kan vere veldig problematisk når familien ikkje har råd til det eller særleg  når det kan være snakk om gjeld som den avdøde har pga. misbruk av narkotika.

Verken kremasjon eller obduksjon er i utgangspunktet ikkje lov i Islam.[69]. I praksis vil det nok ofte være mogleg å gjere unntak når ein gjennom obduksjon kan redde liv eller når det er mistanke om at det er noko kriminelt som ligg bak dødsfallet.  [70]

Kroppen skal kvile uskadd i grava frem til dommedagen. Dette kan også by på vanskar etter trafikkulukker eller naturkatastrofar der det kan vere vanskeleg  å identifisere den avdøde.

Før den avdøde gravleggjast skal den vaskast på ein spesiell måte av familien eller andre muslimar av det same kjønnet. Han skal omsveipast,  ein skal ha ein enkel gravferdsseremoni . Både menn og kvinner kan delta i bøna[71], men det er forskjellige meiningar om i kor stor grad dei kan ta del i gravferda[72]. Den avdøde skal gravleggjast helst utan kiste, men også  utan at kroppen kjem i direkte kontakt med jorda [73]. Med den nye gravferdslova får muslimane rett til å bli gravlagd  i eit muslimsk gravfelt som er vendt mot Mekka. Men også her kan det nok kome eit ynskje om å bli gravlagd på den lokale kyrkjegarden.

Sidan gravlegginga skal skje fort er det viktig at presten har avklart med politiet om kor raskt familien kan få tak i kroppen til den avdøde, slik at ein kan svare på spørsmålet om dette. Det kan også være lurt å kunne vise dei til eit gravferdsbyrå som har erfaring med muslimsk gravferd og eventuelt ein lokal moske, der dei kan få hjelp med gravferda om dei ynskjer det.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB