Beitragsseiten

3.2.          Eg som prest

Mellomkyrkjeleg råd gav i 2006 ut ei ”Veiledning i religionsmøtet”. Å gå med dødsbod er nok ingen klassisk religionsdialog eller religionsdialog, men vi møter menneske med ei anna tru og mange av dei holdningane vil også gjelde i dette spesielle møtet.[10] Dokumentet er nok ikkje direkte tenkt til ein slik unntakssituasjon som eit dødsbod, men det kan være godt å bli minna på nokre av holdningane frå denne vegleiinga. Eg bør skaffe meg kunnskap men ikkje la denne kunnskapen stenge for at eg kan møte menneske. Eg møter menneske med sine eigne kulturelle og religiøse tradisjonar som kan gi dei hjelp og støtte i denne vanskelege situasjonen. Eg møter ikkje ”muslimane”.  Eg skal møte dei fordi eg er ” en person som har evnen til å takle menneskers sorgerfaringer”[11] .  Eg skal ha tid ”Den tid de ønsker av meg, den gir jeg! ”[12]

Eg utsetter meg med dette for risiko og gjer meg sjølv sårbar sidan dette møtet kan være utryggt for både meg og familien. Men eg er prest og representant for ein majoritetsreligion og eg kan ikkje definere korleis dei har det, men eg kan møte dei og eg kan hjelpe dei. Om eg møter praktiserande muslimar, så er heile livet deira religiøst, dei ”beveger seg alltid på eit religiøst område”[13]. Dei opplever det ofte som godt ”at den som kom med dødsbudskapet visste hva det var å tro på Gud.”[14] Slik som leger[15] nyter også både prester og imamar høg respekt i det muslimske kulturromet, høgare respekt enn vi ofte er vante med. Men vi er også representantar for styresmakta. Mange muslimar ”frå Balkan og land som Iran, Irak og Somalia”[16] kom til Noreg som flyktningar og asylsøkarar og har til dels svært vanskelege erfaringar med nettopp styresmakta både i heimlandet, under reisa og under prosessen om å få kunne bli her i landet. For nokre er opphaldet kanskje ennå ikkje sikra. Ut frå eiga oppleving kan eg stadfeste at dei skjeldent har den same tiltru til samfunnet og staten som vi og det kan difor være vanskeleg for dei å sleppe ein representant for øvrigheita inn hos seg, som til og med skal gi melding til politiet. Dei kan ha opplevd overgrep frå politiet, mens dei færraste har blitt utsett for aggressiv misjonsverksemd. Det kan difor være ein klar fordel å kome som prest, dvs. med rundsnipp.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB