Beitragsseiten

 

13. Presten som leiar

13.1. Presten som leiar og blir leia

”Leiing består i å løyse konkrete oppgåver gjennom andre”[133]. Leiing er ”eit målsetjande, problemløysande og språkskapande samspel mellom menneske.”[134] Begge prestane som eg fekk observere og eg sjølv, har vore leiarar i sokneråd, men er ikkje det nå. Grunngjevinga for dette formulerast slik. ”Eg er leiar, men ingen god organisator. Eg kan leie, men trenger ikkje å leie alt.” eller ”Oppgåva mi er ikkje å leie alt, men å gjøre andre dyktige til å leie.”  

Samtidig vil jeg si at soknepresten er den øverste kirkelige leder i bygda, når det gjelder posisjon.[135] slik blir det formulert av ein fellesrådsleiar. Presten blir i alle tre land sett som kyrkja sitt ansikt utad og som ein viktig leiar i kyrkja. Men det er nok større skilnader i korleis han kan og skal vere leiar.

13.2. Prester i leiinga av kyrkja

13.2.1 Tsjekkia

I Tsjekkia er medlemsskapet personleg. Ein blir medlem i kyrkjesamfunnet gjennom kyrkjelyden ein blir medlem av. Kyrkjestrukturen er presbyterial –synodal. Det er kyrkjelyden som vel presten og som i stor grad bestemmer arbeidsoppgåvene til presten. Sjølv om han har kyrkjesamfunnet som arbeidsgivar, er presten først og fremst forankra i kyrkjelyden. Når han leier, leier han på vegne av ordinasjonsløftet sitt og på vegne av kyrkjelyden. Kyrkjesamfunnet styrer presten berre i den grad det er naudsynt for at kyrkjelydane skal kunne fungere.

Kyrkjesamfunnet har på alle plan eit todelt og ofte paritetisk leiarskap: Ein vald prest og ein vald lekmann leier i lag. Det er tre plan: kyrkjelyden, senioratet og synodalplanet. I soknerådet er presten av praktiske årsaker i mindretal, men på dei to andre plan er det også i råda like mange prestar som lekfolk. Det er ein prest som blir kalla senior og ein lek som blir kalla kurator.

I kyrkjelyden fungerer presten som dagleg leiar, ikkje minst sidan han er den einaste som er tilsett på fulltid. Kuratoren fungerer som ein styreleiar og kontraktar skal som regel underskrivast av begge to.[136] Dette gjeld også for kyrkjelyd som ikkje har valt presten sin, men som blir administrert av ein prest. Også på dei andre plan er kuratorane frivillige.

13.2.2. Tyskland

Også den tyske presten representerer kyrkjelyden[137] i lag[138] med soknerådsleiaren[139]. Sjølv om det er soknerådsleiaren som har ansvaret for den daglege leiinga, så blir dette som regel delegert til presten. Presten er medlem i soknerådet. Enten leiaren eller nestleiaren i soknerådet må vere lek. Presten er forplikta til å kvalitetssikre, vedtak i soknerådet. Er han i tvil om dei er i strid med kyrkjeordninga må han varsle først soknerådet og så kyrkjeadministrasjonen og sine overordna.

På prostinivået, som her heiter kyrkjekrins, finst det ei synode der maksimum halvparten av medlemmene har lov til å vere tilsett i kyrkja. Samstundes er det også eit krav om at presteskapet er tilstrekkeleg representert. I praksis er det ofte rundt ein tredjedel av medlemmene der som er prestar. Denne synoden vel eit råd, der igjen dei som ikkje er tilsett i kyrkja må ha fleirtalet. Dette rådet blir leia av prosten, som ber tittelen superintendent, og som alltid er den daglege leiaren for prostiet.

I landssynoden, kyrkjemøtet for heile kyrkjesamfunnet, er det alltid mellom 25 og 30 prosent prestar. Og i landskyrkjerådet, som er rådet på dette planet, er omtrent halvparten av medlemmene prestar i forskjellige funksjonar.  På det øvste planet finst det også ei administrativ eining, landskyrkjeadministrasjonen[140], som er resten av det gamle konsistoriet.

Også på eit nedre plan, ved sidan av kyrkjekrinsen, finst det administrative einingar. Dei kallast krinskyrkjeadministrasjonen[141]. Desse er ein service- og tilsynsinstitusjon for fleire kyrkjekrinsar og kyrkjelydane der. På vegne av kyrkjekretsane og kyrkjelydane tek dei seg av all administrasjon som ikkje skal utførast lokalt og overprøver om vedtak der er i tråd med gjeldande rett. Det er kyrkjelydane og kyrkjekrinsane som fattar vedtak, men det er desse administrasjonane som legg til rette for vedtak og som administrerar dei. Dei tar alt frå bokføring, til byggesøknader og personaladministrasjon.  Sjølv om presten oftast fungerer som dagleg leiar, står han ikkje åleine med dette ansvaret. Det er soknerådsleiaren som har delegert ansvar til han og som støtter han i det og han har også administrasjonen. Presten fortalte sjølv at han ikkje opplever administrasjonen som overordna, men som støttespelar og serviceinstitusjon.

13.2.3 Noreg

Før etableringa av rådsstrukturen i Den norske kyrkja hadde kyrkja ein nok så ”monolittisk styringsstruktur”[142]. Det var prestane som kongens embetsmenn i sin hierarkiske struktur som hadde både den pastorale og den administrative leiinga. Leke organ i kyrkja hadde lenge ikkje så mykje meir enn ein rådgivande funksjon. Etter kvart skulle demokratiet i kyrkja styrkjast. Først vart det sterkare i dei strukturane som styrte kyrkja: staten og kommunane. Etter krigen og særleg på 90-talet skulle kyrkja få sin eigen todelte struktur. I Noreg gjekk ein for ”en ‘samvirkemodell’ hvor presteembete og råd ses som ‘selvstendige men ikke uavhengige’ organer”[143] Prestane har del i rådsstrukturen som nå er den dominerande struktur i kyrkja. ”Prestens rolle i menighetsrådet er i altfor stor grad å være tålmodig og ydmyk. For dette er legfolkets forum. Og legfolket må ikke overkjøres av presten.”[144]Det er mange prestar som kjenner seg att i denne opplevinga og det at det no er presten som blir redusert til ikkje så mykje meir enn ei rådgivande rolle.

Det sit ein prest i kvart sokneråd og biskopen og ein prest i kvart bispedømeråd.  I tillegg sit det der ein representant for dei andre tilsette, som skriv seg frå den tida fleire av dei var tilsett i bispedømet, og sju ”lekfolk”. I Oslo er det utover dette ein representant for døvekyrkja, og i dei tre nordlegaste bispedøma ein representant for samane i kvart bispedømeråd. Bispedømeråda og 5 andre representantar utgjer kyrkjemøtet.

I praksis har den todelte leiingsstrukturen i kyrkja alltid vore tredelt: ”Embete, råd og offentlige forvaltningsorgan”[145]. Den aukande sjølvstendiggjering av kyrkja skapte behov for ei aukande byråkratisering og behov for meir forvaltning, leiing og økonomistyring[146]. I takt med eit aukande behov for profesjonalisering[147] og spesialisering har det med samarbeidsfora for soknerådsleiarane, administrative stillingar på bispedømeplan, KA osv. i praksis i har det utvikla seg ”en femte, og vel en sjette, styringsstruktur”[148]. Mange av desse strukturane kan ein finne att på alle nivå. ”Den kanskje mest i øyenfallende virkning av de kirkelige reformer på 80- og 90-talet er økt byråkratisering.”[149]

Eg oppdaga ei haldning i Den norske kyrkja som er nok så framand i alle andre kyrkjesamfunn som eg fekk bli kjent med både i samband med denne avhandlinga og uavhengig av den: Resonnement mot presten og presteskapet. Eg fekk oppleve at ein soknerådsleiar ikkje ville tilstå presten stemmerett i soknerådet. Presten sit som medlem i soknerådet som ei av arbeidsoppgåvene sine. Han kan veljast i forskjellige funksjonar der på lik linje med alle andre medlemar, når ikkje interne reglement sett avgrensingar for dette. Prestane i rådsstrukturen i Den norske kyrkja blir ikkje legitimert i rådsstrukturen, men av embetsverket: Fram til 2012 har det vore regjeringa, ”kongen i statsråd”, som utnemner biskopar og prostar og biskopen igjen bestemmer kven som blir sokneprest i det enkelte soknet og kva prest som har sete i fellesrådet . Kyrkjelydane kan uttale seg om dette, men biskopen treng ikkje å lytte til dei og gjer som han vil. Det er prestane som vel prestane i bispedømeråda og med dette i kyrkjemøtet. Prestane i rådsstrukturen sit der som presterepresentantar, ikkje primært som teologisk og pastoral kompetanse som kan hjelpe til at ein ikkje berre ser kyrkjelyden eller det enkelte rådsnivået, men heile kyrkja. Embetsverket får i dagens demokratiske samfunn ikkje lenger tilskrive legitimitet av seg sjølv. Presten står ikkje lenger i ein posisjon ”som kongelig embetsmann og som ’far’ i bygda”[150].Det var denne stillinga og tradisjonen som tidlegare gav presten autoritet og legitimitet.[151]

Når ein snakkar med prestar kan ein av og til også få eit inntrykk av at i alle fall ein del av presteskapet heng fast i den gamle embetsstrukturen og at rådstrukturen kanskje nettopp difor nektar å overlate meir ansvar til alle prestane.

13.2.4. Oppsummering

Det er tydelege skilnader på korleis prestar er involverte i kyrkjeleiinga. Medan ein i Tsjekkia har ein paritetisk struktur og i Tyskland valde å integrere rådsstrukturen i prestestrukturen, er det i Noreg prestane som har del i rådsstrukturen.

I kyrkjesamfunna på kontinentet jobbar ein hardt for å redusere administrasjonen i eit stadig meir differensiert samfunn, medan byråkratiet i Noreg framleis er aukande. Det blir synleg for eksempel i alle dei nye planane som skal leggjast fram for godkjenning hos biskopen og som det skal rapporterast om etterpå i tillegg til årsstatistikken. Medan ein del bispedømeråd måtte redusere prestestillingane har det nok blitt fleire stillingar på alle bispedømekontora og i dei sentrale kyrkjeleg råd.

Prestane i rådsstrukturen i Den norske kyrkja blir i motsetning til Tsjekkia og Tyskland ikkje legitimert i rådsstrukturen, men av embetsverket.

Samstundes er Den norske kyrkja også det kyrkjesamfunnet av dei tre i undersøkinga med minst prestekompetanse[152] i kyrkjemøtet og på bispedømeplan. Etter kyrkjelova i 1996 er det ”de organisatoriske spørsmål som nå er kommet i første rekke. Og dette er skjedd på en slik måte at det kan være betimelig å balansere bildet ved å framføre noen grunnleggende pastoralteologiske synspunkter.”[153] Dette blir ikkje mindre aktuelt etter diskusjonen om korleis strukturen i kyrkja skal vere i framtida og om korleis ein skal integrere dei to arbeidsgivarlinjene i kvarandre.

13.3. Vurderingar - Den leiande presten

13.3.1. Presten og rådstrukturen

Etter mitt syn er manglande legitimitet for prestane i rådsstrukturen eit problem i organiseringa av kyrkja. Eg ser at prestane i den kyrkjelege leiinga i Tsjekkia og Tyskland blir valt ikkje berre av prestane, men av alle som har stemmerett i kyrkjelege val. Kyrkjelydane kan også i langt større grad velje kven dei vil ha som prest i kyrkjelyden og soknerådet. Det hadde kanskje vore mogleg å gi prestane meir legitimitet når kyrkjelydane i større grad fekk velje prestane sine og om ein hadde forskjellige kategoriar i kyrkjevalet og alle kunne få lov til å stemme i alle kategoriar. Å gi prestane på denne måten meir legitimitet kunne også bidra til at dei ikkje lengre var "presterepresentantar". Dei kunne kanskje heller vere representantar for den pastorale kompetansen og det embetet som etter CA V og CA VII er eit konstituerande element for kyrkja. Slik kunne dei eventuelt også bidra til ei auka bevisstgjering av kyrkja sin eigenart og det at ein ikkje fullt ut kan bruke organisasjonsteoriar på ei kyrkje som etter CA VII blir konstituert av forkynninga og sakramentsforvaltinga.

13.3.2 Presten som dagleg leiar

Kyrkjerådet formulerte det i 1988 slik: ”På grunn av vår tradisjon og tidligere praksis har vi – ut fra rent hensiktsmessighetssynspunkt – hevdet at sokneprestene bør være ’daglig leder’ ganske enkelt fordi hun/han ofte er den eneste fulltidsansatte i menigheten.”[154]  Dette var årsaka til at prestane fungerte som daglege leiarar i Noreg og også for at dei er det i Tsjekkia og Tyskland. Men også der er det alternativ: I Tsjekkia har dei kuratoren og i Tyskland skal soknerådsleiaren vere dagleg leiar, men delegerer det som regel til presten. Presten bør ikkje bere det daglege leiaransvaret åleine og ikkje alle prestar bør ha eit dagleg leiaransvar. ”Det er mange prester som ikke er ledere hvis man studerer deres personlighet. Det er ingen prester som ikke er ledere hvis man studerer deres ordinasjonsforpliktelse.”[155] Det er mange prester som er gode forkynnarar og gode sjelesørgjarar og samstundes frykteleg dårlege administratorar. Dei er gode prester og dei bør ikkje tvingast inn i ei rolle og oppgåver som ikkje er i samsvar med givnadane deira. Når dei er dei einaste tilsette på fulltid slik dei er det i Tyskland og Tsjekkia, kan dei likevel ikkje vegre seg for å gå inn i det. Men også dei kan ta val. Dei prestane som eg fekk observere, vel for eksempel å involvere soknerådsleiarane i større grad enn prestane før dei. Ei anna hjelp kan vere å delegere fleire oppgåver til serviceinstitusjonar. Her er det ein fordel om kyrkja sjølv kan tilby slike institusjonar slik som i Tyskland.

Prestane bør ikkje ekskluderast frå den daglege leiinga, sidan den då ligg åleine hos administrasjonen. Kyrkja kjem med dette i faresona for å gi avkall på noko av eigenarten sin: Ho er ikkje berre ein organisasjon, ho er eit fellesskap, ho er nettopp kyrkje. I tillegg kan kyrkja også miste ansikta sine. Soknerådsleiarane skiftar, kyrkjeverja eller dagleg leiar sit på eit kontor kanskje langt unna. ”Hvis du har et spørsmål om Gud, religion, kirke eller menighet, så henvender du deg til presten.”[156]Presten er kyrkja sitt ansikt utad både i folkekyrkja og i minoritetskyrkja. I Den norske kyrkja vart det etter kyrkjelova i 1996 slik at ”kirkevergen blir den sentrale lederrollen”[157].Framleis har ”soknepresten en sentral lederrolle i den lokale kirke[158]. I den Norske kyrkja står presten i dag på sidelinja i den daglege leiinga. I praksis fungerer han ofte som prosjektleiar for kyrkjelege handlingar og gudstenester med dei ressursane som kyrkjeverje eller ein dagleg leiar stiller til disposisjon for han. Det er slik ”at prestens posisjon har endret seg fra en stabil trygg forankret sosial rolle – til forventninger på presten som markant lederskikkelse, med et komplisert sett av krav rettet mot seg.”[159] Presten skal vere ein markant leiarskikkelse, men står på sidelinja i den daglege leiinga. ”Prestene vil for mange være symbolet både for troen og kirken. Prestene er for mange også symbolet på både statskirke og folkekirke[160]  Prestene står sentralt i kirkens møter med folk. De er dels de eneste og dels de sentrale representantene for kirken.”[161]Presten blir sett på som kyrkja sitt ansikt, men sidan prestane står på sidelinja i den daglege leiinga, kan det ofte vere vanskeleg for dei å svare på praktiske spørsmål.

Det ”faktum at prester i stor grad på generelt grunnlag blir tilskrevet autoritet fordi de er prester, må i like stor grad kunne sies å hvile på tradisjonell autoritet.”[162]  Tradisjon er en viktig kilde til legitimitet i religiøse organisasjoner.”[163] At prestane står på sidelinja i den daglege leiinga i Den norske kyrkja og å leggje den åleine til kyrkjeverjene og daglege leiarar er nok rett, både i organisasjonstenking og med omsyn til at mange prestar ikkje er gode administratorar. Her kan det vere godt med eit klart skilje mellom pastoral leiing og dagleg leiing. Men denne oppgåvefordelinga svarar dårleg til forventningane kyrkja blir møtt med og til kyrkja sin eigenart som kyrkje. ”Kirker og religiøse organisasjoner har behov for å være effektive, men det er viktige å holde klart hva en skal være effektiv i forhold til.”[164]

Prestane bør difor involverast i den daglege leiinga, men dei bør sleppe å ha den åleine. Å diskutere korleis dette kan skje, ville sprenge ramma til denne avhandlinga. Eg skal difor nøye meg med å nemne nokre modellar. Uansett er det viktig for meg å nemne at ein ikkje treng  å involvere alle prestar i den daglege leiinga, men berre dei som er eigna til det og som har skaffa seg eit bevisst forhold til leiing, sidan ”prester ofte har et ubevisst forhold til ledelse, og de mangler et språk til å omtale aktuelle ledelsesutfordringer.”[165] Det er også viktig at kyrkjeverja får ein prest som motpart og støttespelar, ein som klarer å sjå meir enn dei administrative utfordringane. Dette blir også etterlyst av ein del kyrkjeverje.

Modellar for involvering av prestane i den daglege leiinga og delinga av leiarskapet kunne vere:

·         Ei deling ”mellom primær- og sekundærfunksjoner[166] slik som Trond Skard Dokka tek til orde for[167],

·         Ei deling mellom den ”kyrkjefaglege leiinga” og den administrative leiinga slik Olav Skjevesland gjer framlegg om,[168] og som ligg ikkje langt unna frå oppgåvedelinga mellom rådmann og ordførar i kommunane,

·         Å overlate den daglege leiinga til ein prest, men å opprette støttefunksjonar slik som ein underordna administrasjonsleiar og serviceinstitusjonar,

·         Å leggje det daglege leiaransvaret til rådsleiaren som igjen delegerer det til presten, serviceinstitusjonar og andre, sjølv om dette kan utfordre mange soknerådsleiarar,

·         Å ha ei ” definert arbeidsdeling mellom faglig og administrativ ledelse ”[169] som tar utgangspunkt i dagens oppgåvefordeling mellom biskop, stiftsdirektør og bispedømerådsleiar, slik som presteforeininga gjer framlegg om.

Lista er ikkje utfyllande men tenkt som utgangspunkt for vidare refleksjon. Uansett bør kyrkja som kyrkje også har ei kyrkjeleg leiing, som difor nok kan skilje seg frå andre organisasjonar.

13.3.3 Presten som pastoral leiar

Mens det stridast om i kva grad presten bør involverast i den daglege leiinga, er eit anna område utan tvil presten sitt ansvar: den pastorale leiinga. Denne leiinga kan lesast direkte frå bibelen. ”Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.  Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken. ” (1 Pet 5,2-3) Presten skal vere hyrding, pastor, for kyrkjelyden.

Det er forskjellige måtar å definere og avgrense den pastorale leiinga på. Pastoral leiarskap skal ”innebære lederskap i forhold til menigheten. En slik ledelse inkluderer nødvendigvis ledelse i forhold til andre ansatte, men kan ikke begrenses til det.”[170]Det pastorale lederskapet består i å være en trofast og fornyende fortolker av kirkens vandring gjennom tiden – med alt hva dette krever av kunnskaper, ferdigheter, holdninger og erfaringer.[171] For det andre handlar den om ”å realisere en bibelsk visjon for menigheten, å verdsette mennesker med det mangfold av gaver som de rår over, å gi mennesker velsignelsen i å medvirke som årsak til Guds realisering av sin frelsesplan[172].

Pastoral leiing er i veldig stor grad uformell leiing[173] og i liten grad basert på strukturar. Den krev i det minste to: ein som er viljug til å leie og ein eller fleire som er viljug til å bli leia. Eit eksempel på pastoral leiarskap som eg fekk oppleve i Tsjekkia, var ein mann som engasjerte seg blant anna i eit bokutsal og i forskjellige byggeprosjekt i kyrkjelyden, men han vart klaga for å ”låne” pengar frå soknekassa utan å levere kvitteringar for det. Kyrkjelyden ynskte at presten skulle irettesetje han og presten lurte på korleis han skulle gjere det. Neste gong han møtte mannen trengte mannen eit mindre beløp for å betale ein faktura for kyrkjelyden. Presten lånte pengane av eiga lomme, men kravde at mannen skulle gi pengane tilbake til han eller levere ei kvittering slik at han kunne ta pengane frå kyrkjekassa. Slik kunne han sjekke om klagene var rett og eventuelt ta opp temaet utan å konfrontere mannen direkte med dei manglande kvitteringane. Folk må ha tillit til presten. Det var i Tsjekkia, men også blant anna i ein del ortodokse kyrkjesamfunn der eg kunne observere at folk som var ueinige, kom til presten etter gudstenesta for å spørje om råd. Presten lytta på dei og såg dei, han gav dei gjerne eit råd og klarte å forlike dei. Også dette er pastoral leiing. Kva gjer det så vanskeleg å tenkje seg noko slikt i Noreg?

Pastoral leiing har grunnlaget sitt i ordinasjonsløftet, men krev også ein stor grad av personleg integritet og personleg autoritet av presten. Presten kan i vårt sekulære samfunn ikkje lenger rekne med å bli lytta til berre på grunn av autoriteten han har gjennom funksjonen og embetet. Kyrkjelyden har ei forholdsvis lita rolle i å velje hyrdingen sin og dei vil berre la seg leie av han i den grad dei opplever leiinga som relevant. Pastoral leiing skjer først og fremst gjennom forkynninga, sakramentsforvaltninga, sjelesorg, formaning og gjennom livet til presten. Dette gjeld i alle tre kyrkjesamfunn.

Grunnlova for Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland slår i alle fall fast at: ”Dei som er ordinerte er innanfor rammene til ordinasjonsløftet sitt og ikkje bundne av instruksar og ordre.”[174] Medan for eksempel gudstenesteboka i Den norske kyrkja nok litt innskrenkar prestane blant anna i sakramentsforvaltninga: ”Dersom det blir aktuelt å nekta eit medlem i Den norske kyrkja tilgjenge til nattverdsbordet, skal saka leggjast fram for biskopen.”[175] Ein bør vere varsam med å nekte nokon tilgangen til nattverden. Målet med formuleringa er nok å ta vare på prestane og å unngå konfliktar. Likevel er eg usikker på om det er rett at presten først må søkje biskopen om å få utøve denne delen av sakramentsforvaltninga.

Som prest bør ein har eit bevisst forhold til det pastorale leiarskapet sitt, men ein bør også vere klar over at andre enn presten kan utøve pastoralt leiarskap i kyrkjelyden. Både andre tilsette og frivillige er ofte lenger i kyrkjelyden og kan difor ha ein høgare personal autoritet i deler av kyrkjelyden enn presten sjølv. Her kan det vere eit klokt val å integrere desse i den pastorale leiinga og ikkje konkurrere med dei. Også pastoralt kan delegerast og ein kan nå fleire på denne måten.

13.3.4 Oppsummering

Når ein leitar etter ein framtidig struktur i Den norske kyrkja er det etter mitt syn viktig at ein ikkje berre tenkjer organisasjonsteoretisk men også teologisk og tar vare på kyrkja sin eigenart som kyrkje. Det kan difor vere lurt å vurdere på nytt korleis prestane kan inkluderast i både rådsstrukturen og den daglege leiinga, slik at dei ikkje lengre står på sidelinja men blir ein fullverdig og integrert del av dei. Uansett bør prestane styrkjast i det pastorale leiarskapet sitt og dei bør kanskje få meir rom og tid til å utøve det.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB